Tâmega

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tâmega
Tâmega i Chaves
Tâmega i Chaves
Utspring Nær Verín i Galicia
Land i nedslagsfelt Flag of Spain.svg Spania, Flag of Portugal.svg Portugal
Lengd 145 km

Tâmega er ei elv i Spania og Portugal. Elva har utspring nær Verín i Galicia og renn sørover til Portugal i den historiske provinsen Trás-os-Montes og Douro Litoral.

Tâmega er ei sideelv til Douro. Frå Verín renn ho sørover til den portugisiske byen Chaves, og så gjennom ein frodig dal kalla Veiga. Etter Chaves vert elva smalar og renn gjennom fjell og dalar. Elva ikkje er framkommeleg på grunn av låg vassføring og mange demningar. Før ho munnar ut i Douro nær Entre-os-Rios renn ho gjennom Amarante og Marco de Canaveses.

Tâmega er meir historisk enn økonomisk viktig. Ho har gjennom alle tider vore ei invasjonsrute for fiendar på veg inn i dei rikare sørlege områda av Portugal. Dalen rundt Chaves har særleg vore utsett for slag og invaderande hærar.

Tâmega er forureina og fører stundom til flaum i områda ho renn gjennom. Etter at Torrão-demninga vart bygd i 1988 har forureiningsproblema kome seg noko. Ei ny demning er på trappene mellom Amarante og Mondim de Basto i tillegg til å skape vasskraft vil dette regulere elva og i større grad hindre flaum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]