Tadas Labukas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tadas Labukas
Personleg informasjon
Fødselsdato 10. januar 1984 (30 år)
Fødestad Alytus i Sovjetunionen
Høgd 182 cm
Posisjon Angrep
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2001
2002
2003-04
2004
2004-06
2006-07
2007-09
2008-09
2009-11
2011
Litauen Dainava Alytus
Litauen Atlantas Klaipėda
Flag of Russia.svg Dinamo Moskva
Litauen Atlantas Klaipėda
Hellas Výzas Megáron
Litauen Žalgiris Vilnius
Romania Oţelul Galaţi
Azerbaijan İnter Bakı (lån)
Flag of Poland.svg Arka Gdynia
Noreg Brann
27 (3)
17 (3)
0 (0)
17 (1)
15 (7)
34 (10)
36 (4)
7 (0)
56 (10)
11 (0)[1]
Landslag**
2004-06
2006-
Litauen Litauen U21
Litauen Litauen
3 (0)
12 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 3. februar 2012.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 2. juli 2011.

Tadas Labukas (fødd 10. januar 1984 i Alytus) er ein litauisk fotballspelar. Hausten 2011 spelte han i angrep for Brann i den norske Tippeligaen. Han spelar òg for det litauiske landslaget. Labukas har spelt for fleire klubbar i heimlandet, mellom anna toppklubben Žalgiris Vilnius, og for klubbar i Russland, Hellas, Romania, Aserbajdsjan og Polen før han kom til Noreg. Han kom til Brann frå Arka Gdynia sommaren 2011. Han hadde spelt i Gdynia i to sesongar i den polske toppdivisjonen og i 2010/11-sesongen var han klubben sin toppskårar med 8 mål i ein sesong som enda med nedrykk. Labukas stod då utan kontrakt og gjekk gratis til Brann på ein korttidskontrakt. Han debuterte i Tippeligaen 7. august 2011 som innbytar i ein heimekamp mot Strømsgodset. Kontrakten hans vart ikkje forlenga etter 2011-sesongen.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]