Tagetes lucida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tagetes lucida


Tagetes lucida
Tagetes lucida

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Tribus: Tageteae
Slekt: Tagetes
Art: T. lucida
Vitskapleg namn
Tagetes lucida
Tagetes lucida

Tagetes lucida er ein planteart fløyelsblomslekta i korgplantefamilien. Den kjem opphavleg frå det sørlege Mexiko og Guatemala.

Arten har ikkje noko offisielt norsk namn.

Det er ein opprett, greina halvbusk som blir 45-75 cm høg. Blada er smalt lansettforma til avlange og skinnande mellomgrøne. Kruste blad har ei søt duft av dragon og kan nyttast i sallader. Blomsterkorgene blir ca 1,5 cm breie og har 3-5 gullgule kantblomster. Arten blomstrar om sommaren og hausten. Klipper ein av visne blomster blir det heile tida danna nye.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Arten blir vanlegvis dyrka som eittårig i Skandinavia og den toler ikkje frost. Den kan òg dyrkast i plantekasser og kan overvintre i svalt, men frostfritt miljø. Planta kan sjåast på som heilt frisk og til vanleg får den ingen sjukdommar. Planta krever ein solrik plass, men kan tolerere halvskugge. Den bør plantast på godt drenert jord og tole tørke godt når den er etablert. Arten kan dyrkast fram frå frø, men òg stamstiklingar og deling fungerer bra om ein har planter som har overvintra.