Tamanhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit kart over Tamanhalvøya, om lag 1870.

Tamanhalvøya er ei halvøy i dagens Krasnodar kraj i Russland. Ho grenser i nord til Azovhavet i vest for Kertsjsundet og i sør til Svartehavet. I antikken låg dei pontisk-greske koloniane Germonassa og Phanagoria på halvøya, og seinare byen Tmutarakan.

Det finst små gjørmevulkanar og naturgass og petroleum på halvøya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Halvøya vart busett av maeotar og sindar frå antikken. Han vart ein del av Det bosporanske riket og av innbyggjarane her finn ein sarmatianar, grekarar, anatoliske folk frå Pontus og jødar. På 300-talet kom området inn under hunarar og vart seinare hovudstad i Stor-Bulgaria og fall til khazarane på midten av 600-talet. Etter at det kahzarske khaganatet vart delt om lag 969 vart halvøya ein del av kahazarjødane sin stat under David. Seint i 980-åra var området stort sett underlagt Kievriket og det rusiske fyrstedømet Tumutarakan før det kom til kiptsjakane om lag 1100. Mongolane tok området i 1239 og det kom så inn under Genova, i lag med GazariaKrimhalvøya i 1419.

Det meste av 1400-talet vart halvøya styrt på vegne av Gazaria av Guizolfi-familien, grunnlagd av den genuesiske jøden Simeone de Guizolfi. Tamanhalvøya vart erobra av Khanatet Krim i 1483 og av Det osmanske riket i 1783. I 1791, under den andre russisk-tyrkiske krigen, kom han inn under Det russiske riket. Russarane mista det til osmanarane i 1792, før det kom tilbake til russarane i 1828.

Resten av hundreåret var området tynt folkesett. Den største busetnaden var kosakkbyen Taman, som vart overteke av hamnebyen Temrjuk i moderne tider.

Tamanhalvøya vart okkupert av Tyskland i 1942 og gjenerobra av Den raude arméen i 1943.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 45°11′08″N 36°47′28″E