Tamar i England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 50°21′30″N 4°10′0″W
Tamar
Dowr Tamer
elv
none  Tamar renn gjennom City of Plymouth
Tamar renn gjennom City of Plymouth
Land Flag of England.svg England
Grevskap Cornwall, Devon
Kjelde
 - stad East Youlstone
 - koordinatar 50°54′50″N 4°27′10″W
Munning Hamoaze
 - stad Plymouth Sound, Den engelske kanalen
 - koordinatar 50°21′30″N 4°10′0″W

Tamar er ei elv i det sørvestlege England. Elva har utspringet sitt omkring 6 km frå nordkysten av Cornwall, men renn sørover. Ho renn ut i fjorden Hamoaze, og frå her renn ho saman elvane Lynher og St Germans ut i Plymouthsundet.

Ho markerer i all hovudsak grensa mellom grevskapa Devon og Cornwall. Det er nokre unntak, som landsbyen Bridgerule på «kornisk» side som høyrer til Devon. Den moderne administrative grensa følgjer elva strengare enn den gamle tradisjonelle grensa, og fleire landsbyar nord for Launceston, som ligg vest for Tamar, høyrde til Devon inntil 1960-åra.

Elva Tavy er ei sideelv til Tamar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]