St Germans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

St Germans

kornisk Lannales
St Germans Church og kyrkjegardsporten
St Germans Church og kyrkjegardsporten
Plassering
St Germans is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Cornwall
Distrikt Cornwall
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

1 427
Koordinatar 50°24′″N 4°19′″WKoordinatar: 50°24′″N 4°19′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer PL12
Telefon-retningsnummer 01503
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: St Germans

St Germans (kornisk Lannales) er ein landsby i det austlege Cornwall i England. Byen ligg ved elva St Germans River eller Lynher River, ein del av elva og elvemunningen Tamar. Byen har namnet sitt frå Sankt Germanuskyrkja til St. Germans priorinnekloster. Ei praktfull og gammal normannisk kyrkje ligg tilstøytande til eigedomen Port Eliot til den noverande jarl av St Germans.

Byen var opphavleg ein travel fiskelandsby på 1800-talet. Kaianlegga i St Germans var hektisk oppteke i det siste hundreåret med å laste tømmer, kol og kalkstein. Inntil den andre verdskrigen var vegstein viktig. I dag er kaia heimstaden for seglingsklubben i byen, Quay Sailing Club (QSC), som no er godt etablert og del av livet i byen.

Byen var ein gong ein av dei såkalla «rotne valkretsane» som valde to medlemmar til Underhuset før det vart reformert ved reformlova av 1832. Som ved mange rotne valkretsar i Cornwall var røysteretten i St Germans avgrensa til nokre få «frimenn» enn til alle innbyggjarar. Det var endå ikkje mange som budde i St Germans. I 1832 var det berre 247 mannlege innbyggjarar, men ei tidlegare folketeljing hadde vist heile prestegjeld (kor valkretsen berre var ein liten fraksjon av) hadde ein reell folkesetnad på 2 404, og det opphavlege forslaget var at St Germans skulle berre miste den eine av dei to underhusmedlemmane, men regjeringa (Whig) avgjorde at tilgjenge av ein tilstrekkeleg folkesetnad i dei omliggande prestegjelda ikkje skulle vere nok for å berge valkretsen frå røysteretten vart fjerna om ikkje ein større del av folkesetnaden alt innanfor grensene til valkretsen, og vedtaket vart endra slik at det fjerna begge underhusmedlemmane frå St Germans. Tory-opposisjonen gjekk til åtak på avgjersla som politisk motivert og St Germans var ein Tory-valkrets. Stemmegjevinga i Underhuset var ein av dei smalaste i alle debattar om reformlover.

St Germans var opphavleg bispesetet for Cornwall bispedøme før setet vart slått saman med Exeter i 1261. I dag er biskopen av Truro sin stadfortredar kjend som biskopen av St. Germans som følgje av dette, skjønt han har inkje spesiell samband til landsbyen.

Jernbanestasjonen i St Germans vart opna den 4. mai 1859 på vestsida av St Germans-viadukten (bruveg), 32 meter over kaianlegget. Det er kjend for å ha den best bevarte korniske stasjonsbygningen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]