Tammúz-fasta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tammúz-fasta (hebr. ta‘anít tammúz) er ei mindre jødisk høgtid markert den 17. tammúz i det jødiske året. Denne dagen fastar mange jødar til minne om dei fem ulukkene som, i følgje Misjna, har funne stad på denne datoen: Moses braut steintavlene med dei ti bodorda, dagleg ofring i Tempelet i Jerusalem tok slutt, bymuren til Jerusalem blei broten (og Tempelet deretter øydelagt), generalen Apostomus brente Toráen og det blei sett opp eit heidensk gudebilete i Tempelet i Jerusalem. Fastedagen innleier sørgjetida «dei tre vekene», bén hammesarím.

Etter at staten Israel blei oppretta, har nokre jødar gjeve opp fasta, men mange ortodokse jødar held framleis på skikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Browning, W. R. F. (1997), A Dictionary of the Bible