Tandbergs Radiofabrikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bandspelar, Tandberg serie 14

Tandbergs Radiofabrikk var eit norsk føretak som vart stifta for å produsere radioapparat.

Føretaket vart stifta i 1933 av sivilingeniør Vebjørn Tandberg og låg i Kongens gate, i Oslo. I starten var det berre tre tilsette og lokala var på berre 40 m2. Produksjonen auka jamt og føretaket flytta fleire gongar til større lokale, før det i 1951 bygde nye moderne fabrikklokale på 9600 m2Kjelsås.

I tillegg til radioapparat produserte Tandberg fjernsynsapparat, spolebandopptakarar, høgtalarar og forsterkarar.

I 1972 gjekk Tandberg motviljug med på å ta over det kriseramma Radionette, etter sterkt press frå Jens Christian Hauge, som var styreformann i Radionette og styremedlem i Tandbergs Radiofabrikk frå 1972 til 1978. Etter samanslåinga gjekk Tandberg Radiofabrikk med underskot og i 1978 gjekk føretaket konkurs.

Etter konkursen vart det stifta fleire nye føretak, med Tandberg i namnet:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]