Taraz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Taraz
Horisonten til Taraz
Byvåpenet til Taraz
Byvåpenet til Taraz
Styresmakter
Land
Oblast
Flag of Kazakhstan.svg
Kasakhstan
Zjambyl oblast
Grunnlagd 568
Akim Iljas Tortajev
Geografi
Innbyggjarar
 - By (1999)

330 100
Koordinatar 42°54′″N 71°22′″EKoordinatar: 42°54′″N 71°22′″E
Tidssone BTT (UTC+6)
Diverse anna
Postnummer 080001 - 080019
Telefon-retningsnummer +7 7262
Bilnummer A
Heimeside: http://www.gorakim.kz/
Plassering
Plasseringa i Kasakhstan
Plasseringa i Kasakhstan

Taraz (kasakhisk og russisk Тараз, tidlegare Talas, Dzjambul (russisk Джамбу́л, kasakhisk Жамбы́л) og Aulije-Ata (kasakhisk Әулие́-Ата, russisk Аулие́-Ата) er ein by i Kasakhstan og hovudstaden i Zjambyl oblast. Han ligg sør i landet, nær grensa til Kirgisistan ved elva Talas. Byen har om lag 330 000 innbyggjarar (1999), som var 9 % meir enn i 1989, noko som gjer han til ein av dei raskaste veksande byane i landet etter Astana og Turkistan.

Han er ein av dei eldste byane i Kasakhstan og i Transoksania og Taraz feira 2000-årsjubileet sitt (anerkjend av UNESCO) i 2001 etter ei festning som vart bygd av ein hunar kalla Zhizhi og i år 36 fvt. var staden åstad for slaget ved Zhizhi.[1] Byen vart først registrert med namnet Talas i 568 evt. av Menander Protector og i mellomalderen blømde Talas som eit stort handelssenter langs silkevegen. I 751 stod slaget ved Talas her mellom styrkar frå det kinesiske Tang-dynastiet og styrkane til det arabiske Abbasid-kalifatet. Slaget fann stad ein stad langs elva Talas i Talasdalen. Eit av dei direkte utfalla av slaget var at arabarane stal med seg oppskrifta på papirfabrikasjon og det med til vesten.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]