Tendürek
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Tendürek | |
| fjell | |
|
Tendürek sett frå rommet
|
|
| Land | |
|---|---|
| Provins | provinsen Ağrı, provinsen Van |
| Fjellkjede | Det armenske høglandet |
| høgd | 3 584 moh |
| koordinatar | |
| type | Skjoldvulkan |
| siste utbrot | 1855 |
Tendürek (tyrkisk Tendürek Dağı, armensk Թոնդրակ, Tondrak) er ein skjoldvulkan i provinsane Ağrı og Van aust i Tyrkia, nær grensa til Iran. Den langstrekte vulkanen stig 1800 meter opp frå Doğubeyazıtsletta sør for Ararat. Det sist kjende utbrotet var eit gass- og oskeutbrot i 1855. Det opphavlege armenske namnet på fjellet var Tondrak; området kring Tondrak er kjend som fødestaden for den armenske Tondrakitt-rørsla i 950-åra, som var basert på ein ideologi frå paulicianismen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Mount Tendürek» frå Wikipedia på engelsk, den 9. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tendürek Dagi, Global Volcanism Program