Tero Pitkämäki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tero Pitkämäki som verdsmeister 2007

Tero Pitkämäki (fødd 19. desember 1982) er ein finsk friidrettsutøvar fødd i Ilmola i Finland. Han vart verdsmeister i spydkast i Osaka 2007.

Pitkämäki byrja med spydkast som 16-åring og nådde relativt fort gode resultat. Internasjonalt utmerka han seg ikkje før enn 2004-sesongen, då han kom på åttande plass i OL 2004 med 83,01 meter.

Hans personlege rekord er 91,53 meter, kasta i Kuortane 26. juni 2005, noko som gjorde han til det store heimehåpet under VM i Helsinki. Under vanskelege tilhøve lukkast han ikkje, kom på fjerdeplass med 81,27 meter som beste resultat.

I EM i Göteborg 2006 tok Pitkämäki sølv med eitt kast på 86,44. Norske Andreas Thorkildsen vann meisterskapet.

Den 5. august 2007 vann Pitkämäki det finske meisterskapet for fjerde gong med eit kast som målte 89,43 meter. Pitkämäki deltok sidan i friidretts-VM i Osaka i Japan, der han vann gull med eitt kast på 90,33 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Medaljar i finske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • Gull: 2004 (82,82), 2005 (87,83), 2006 (88,17) ja 2007 (89,43)
  • Sølv: 2003 (80,45), 2008 (82,28)

Personlege rekordar og årsbeste[endre | endre wikiteksten]

Spydulukka i Roma[endre | endre wikiteksten]

Fredag den 13. juli 2007 under IAAF Golden League-stemnet på Romas Olympiastadion trefte eit av Pitkämäkis spyd den franske lengdehopparen Salim Sdiri i ryggen. Sjølv om han var skaka, fullførde Pitkämäki tevlinga og vart nummer to etter Andreas Thorkildsen.