Terrassa
| Terrassa | |||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land | |||||
| Autonom region | Catalonia | ||||
| Provins | Barcelona | ||||
| Borgarmeister | Pere Navarro | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By |
70,2 km² |
||||
| Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
202 136 2 879,4 /km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Høgd over havet | 277 moh | ||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Postnummer | 08221-08229 | ||||
| Telefon-retningsnummer | 93 | ||||
| Nettstad: www.terrassa.cat | |||||
Terrassa er ein by aust i sentrale område av Catalonia i Spania i Vallès Occidental, der han er hovudby i lag med Sabadell, den historiske hovudstaden. Byen har like over 200 000 innbyggjarar.
Byen ligg om lag 30 km frå Barcelona.
Historie [endre]
Ein har funne spor i området rundt Terrassa frå førhistorisk tid. I 2005 vart det grave ut ein tunnel for ei av jernbanelinjene i byen og det vart funne ein førhistorisk stad i Vallparadisparken.[1], med steinverktøy og fossil av dyr som var 800 000 til 1 million år gamle. Dette er derfor ein av dei av dei eldste førhistoriske stadane i Europa.
Terrassa vart grunnlagd som den romerske byen Egara (Municipium Flavium Egara), grunnlagd under keisar Vespasian (69-79 fvt.) ved elva Vallparadís (i dag ein bypark) nær den iberiske byen Egosa. Ein har funne keramikk og myntar frå denne tida i byen.
Bispesete Ègara vart grunnlagd rundt 450 e.Kr. og eit provinsråd vart halde her i 615. Domkyrkja eksisterte fram til 718 då muslimane erobra området. I dag finst den gamle vestgotisk-romanske kyrkja Sant Pere de Terrassa på staden. Andre viktige bygg frå mellomalderen er Vallparadis-borga (frå 1344 til 1413 eit karteusisk kloster og i dag eit museum) og tårnet på slottet til grevekongen).
På 1800-talet spelte byen ei viktig rolle i den industrielle revolusjonen og spesialiserte seg innan ullfabrikkar.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Terrassa» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
