The Three Ravens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
"The Twa Corbies", Illustration by Arthur Rackham to Some British Ballads

«The Three Ravens» (Child 26, Roud 5, norsk versjon «Ravnene») er ei engelsk folkevise. trykt i songboka Melismata[1] skriven ned av Thomas Ravenscroft og publisert i 1611, men er kanskje eldre enn det. Nyare versjonar (med anna musikk) vart registrert opp til nær 1900. Francis James Child skreiv ned fleire versjonar i hans Child Ballads (katalogisert med nummer 26). Ein vanleg variant heiter «Twa Corbies» («Two Ravens» eller «Two Crows»), og følgjer generelt ei liknande soge, men med ein kynisk tvist.

Balladen omhandlar tre åtselfuglar som snakkar om kvar og kva dei skal ete. Ein nemner ein riddar som nyleg er slått i hel, men dei finn ut at han dei lojale haukane og hundane hans vaktar over han. I tillegg er «fallow doe» ein metafor for den gravide kjærasten til riddaren som kjem til han, kyssar såra hans, ber han bort og gravlegg hans, slik at ramnane ikkje har noko å ete. Forteljaren går gradvis bort frå synspunktet til ramnane og endar med «God send euery gentleman/Such haukes, such hounds, and such a Leman».


Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

«The Three Ravens» eller «Twa Corbies» har vorte framført og spelt inn av artistar som Heather Alexander, Annwn, A Chorus of Two, Bishi, Boiled in Lead, Scott Boswell, Clam Chowder, The Corries, Alfred Deller, The Duplets, Frances Faye, Fiddler's Dram, Ray & Archie Fisher, John Fleagle and Ewan MacColl, John Harle, Peter, Paul and Mary, Bert Jansch, Joel Cohen, Kalin Sivov, Andrew King, Marie Little, Malinky, Old Blind Dogs, Omnia, Kate Price, Schelmish, Sol Invictus, Sonne Hagal, Sequester, Steeleye Span, Andreas Scholl, Hamish Imlach, Richard Thompson, Ariella Uliano, Diana Obscura, Terre di mezzo, Kenneth McKellar, Custer LaRue og The Baltimore Consort, Merry Wives of Windsor, Sportive Tricks, kontratenoren Andreas Scholl, The Sands Family og Astral Weeks.[2]

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

Både «The Three Ravens» og «Twa Corbies» er omsette til andre språk, som oftast sunge med same melodi som «Twa Corbies», eller som den bretonske songen kalla «An Alarc'h» («Svanen»).

Kjende versjonar:

  • Dansk: Ravnene omsetjing av «Twa Corbies» av danske Svend Grundtvig (1824–1883)
  • Hebraisk: שלושה בני עורב (Tre søner av ein ramn), omsett av Nathan Alterman, og ein meir populær omsetjing שלושה עורבים (Tre ramner) av Yaakov Shabtai.
  • Finsk: Kaksi korppia ei omsetjing av «Twa Corbies» av det finske bandet Tarujen Saari.
  • Frisisk: De twa roeken, omsett av Klaes Bruinsma, sungen av Doede Veeman på hans Frustraasjebloes.
  • Tysk: Die drei Raben, ei omsetjing av «The Three Ravens», av Theodor Fontane (1819–1898). Die zwei Raben av same forfattar er den mest kjende tyske versjonen av «Twa Corbies».
  • den tyske mellomalderrock-gruppa Schelmish skreiv ein tysk versjon av «The Three Ravens» kalla «Rabenballade».
  • Norsk: Ravnene, ei omsetjing som er særs lik den danske versjonen. Den norske folkrockgruppa Folque spelte inn denne songen for debutalbumet sitt, og nytta ein melodi som er særs lik Steeleye Span-versjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thomas Ravenscroft, William Ravenscroft (1611). «Covntry Pastimes». Melismata. s. 20. http://www.pbm.com/~lindahl/ravenscroft/melismata/mel35small.html. Henta 22. juni 2013. 
  2. . 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av The Three Ravens ved Wikisource.