Bert Jansch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bert Jansch
BertJansch.jpg
Jansch spelar i august 2006
Fødd 3. november 1943, i Glasgow i Skottland
Død 5. oktober 2011 (67 år)
Instrument Vokal, gitar
Sjanger Folk, folkrock, folk baroque
Aktive år 1965 til i dag
Yrke Musikarar, låtskrivar
Tilknytte artistar Pentangle
Plateselskap Transatlantic
Charisma
Nettstad www.bertjansch.com

Herbert Jansch (3. november 19435. oktober 2011), betre kjend som Bert Jansch, var ein skotsk folkemusikar som var med på å starte bandet Pentangle. Han vart fødd i Glasgow og i 1960-åra var gitaristen Davey Graham og visesongarar som Anne Briggs ei stor inspirasjonskjelde for han. Han var mest kjend som ein innovativ og dyktig akustisk gitarist, men òg som songar og låtskrivar.

Jansch spelte inn mist 25 album og turnert mykje sidan starten av 1960-åra. Han heldt på med konsertar så lenge han levde. Han har påverka artistar som Paul Simon, Johnny Marr, Bernard Butler, Jimmy Page, Nick Drake, Graham Coxon, Donovan og Neil Young. Han vann to æresprisar på BBC Folk Awards: ein i 2001 for solokarrieren og ein i 2007 som medlem av Pentangle.

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Bert Jansch vart fødd på Stobhill Hospital i Glasgow i 1943, i ein familie som opphavleg kom frå Hamburg.[1] Jansch voks opp i Edinburgh, der han gjekk på Pennywell Primary School og Ainslie Park Secondary School.[2] Som tenåring fekk han tak i ein gitar og starta å vitje den lokale viseklubben («The Howff») driven av Roy Guest.[3] Der møtte han Archie Fisher og Jill Doyle (halvsyster til Davey Graham),[4] som introduserte han for musikken til Big Bill Broonzy, Pete Seeger, Brownie McGhee og Woody Guthrie.[2] Han møtte òg og delte leilegheit med Robin Williamson, som vart verande ven med Jansch då han seinare flytta til London.[5]

Etter han var ferdig på skulen tok Jansch jobb som handelsgartnar,[6] så i august 1960 slutta han for å verte musikar på fulltid.[7] Han utpeikte seg sjølv som uoffisiell vaktmeister på The Howff og i tillegg til å sove der kan han ha fått noko løn i tillegg til det vesle han tente som ein musikar som ikkje ein gong hadde sin eigen gitar.[8] Han dreiv dei neste to åra å spele på britiske viseklubbar.[2] Dette var ei musikalsk læretid der han møtte mange inspirasjonskjelder, som Martin Carthy og Ian Campbell, men særleg Anne Briggs, som han lærte nokre songar frå (som «Blackwaterside» og «Reynardine») som seinare skulle påverke platekarrieren hans.[2]

Mellom 1963 og 1965 reiste han kring i Europa og bortanfor, haika frå stad til stad og levde på det han tente som gatemusikant og tilfeldige konsertar på barar og kafear.[9] Før han forlet Glasgow gifta han seg med den 16 år gamle Lynda Campbell: det var mest eit fornuftsekteskap, sidan ho då kunne reise med han sjølv om var for ung til å ha sitt eige pass.[10] Dei gjekk frå kvarandre etter nokre månader og Jansch vart til slutt sendt heim til Storbritannia etter å ha fått dysenteri i Tanger.[10]

London (midten av 1960-åra[endre | endre wikiteksten]

Jansch flytta til London der det på midten av 1960-åra var ei blømande interesse for folkemusikk.[11] Der møtte han lydteknikar og produsent Bill Leader, som spelte inn musikken til Jansch på lydband heime hos seg sjølv. Leader selde lydbandet for £100 til Transatlantic Records, som produserte eit album direkte frå lydbandet.[12] Albumet Bert Jansch kom ut i 1965 og selde heile 150 000 eksemplar.[13] Det inneheldt mellom anna protestsongen «Do You Hear Me Now», som seinare vart gjort kjend av songaren DonovanUniversal Soldier EP. Denne nådde førsteplassen i Storbritannia og singelen nådde 27. plass.[14] Her var òg songen «Needle of Death», som vert hevda å ha påverka stoffmisbruket til ein generasjon unge britar, trass i at han omtalar heroin særs negativt.[15] Tidleg i karrieren vart Jansch stundom skildra som ein britisk Bob Dylan.[16]

Jansch følgde opp det første albumet med to til, laga kjapt etter kvarandre: It Don't Bother Me og Jack Orion[17]—som inneheldt den første innspelinga hans av «Blackwaterside», seinare teken av Jimmy Page og spelt inn av Led Zeppelin som «Black Mountain Side».[18] Jansch seier:

Akkompagnementet vart stolen av eit velkjend medlem av eit av dei mest kjende rockebanda, som nytta det, uendra, på ei av platene sine.[19]

Transatlantic søkte juridisk hjelp om det påståtte brotet på opphavsretten og fekk beskjed om at «det var ein viss mogelegheit om at Bert kunne vinne mot Page.».[20] Til slutt var Transatlantic tvilsame til kostnaden det ville vere å ta Led Zeppelin til retten, og halve kostnaden måtte betalast av Jansch sjølv, noko han ikjke hadde råd til, så saka vart aldri følgd vidare.[21]

I London møtte Jansch andre innovative akustiske gitaristar, som John Renbourn (som han delte leilegheit med i Kilburn), Davey Graham og Paul Simon. Dei møtte alle kvarandre og spelte på forskjellige klubbar i London, som The Troubadour i Old Brompton Road,[22] og Les Cousins i Greek Street i Soho.[23] Renbourn og Jansch spelte ofte i lag og utvikla eit intrikat samspel mellom dei to gitarane, ofte kalla 'Folk baroque'.[24] I 1966 spelte dei inn albumet Bert and John i lag, med mange av desse songane.[25] Seint i 1967 var dei trøytte av dei lange nettene på Les Cousins og slo seg ned i The Horseshoe pub (no lagt ned) i 264-267 Tottenham Court Road.[26] Her kom mange musikarar, som songaren Sandy Denny.[27] Ein annan songar, Jacqui McShee, byrja å synge med dei to gitaristane, og med Danny Thompson (kontrabass) og Terry Cox (trommer) i tillegg, danna dei gruppa Pentangle.[28] Klubben utvikla seg til ein jazzklubb, men då hadde gruppa alt flytta vidare.[29]

Den 19. oktober 1968 gifta Jansch seg med Heather Sewell.[30] På denne tida var ho kunststudent og hadde vore kjæraste med Roy Harper.[31] Ho inspirerte fleire av songane og instrumentalane til Jansch, mellom anna «Miss Heather Rosemary Sewell» frå albumet hans Birthday Blues frå 1968, men Jansch har sagt at trass namnet, så vart «M'Lady Nancy» (frå Rosemary Lane frå 1971) òg skriven for henne.[32] Som Heather Jansch vart ho ein velkjend bilethoggar.[33]

Pentangle-åra (1968–1973)[endre | endre wikiteksten]

Den første store konserten til Pentangle var i Royal Festival Hall i 1967 og det første albumet deira kom ut året etter.[34] Pentangle la ut på omfattande verdsturnear og innspelingar i denne perioden, og Jansch gav stort sett opp solokarrieren.[35] Han spelte likevel inn nokre plater og gav ut Rosemary Lane i 1971. Spora for dette albumet vart spelt inn på ein bærbar bandopptakar av Bill Leader i hytta til Jansch i Ticehurst i Sussex — ein prosess som tok fleire månader sidan Jansch berre arbeidde når han var i dette humøret.[36]

Pentangle nådde det kommersielle høgdepunktet sitt med Basket of Light i 1969. Singelen «Light Flight» frå albumet vart populær då han vart nytta som kjenningsmelodi til fjernsynsserien Take Three Girls, den første dramaserien til BBC i fargar.[37] I 1970, då dei var på sitt mest populære, spelte dei inn filmmusikk til filmen Tam Lin, gjorde minst 12 framsyningar på fjernsyn og la ut på mange turnear i Storbritannia (mellom anna Isle of Wight-festivalen) og Amerika (mellom anna i Carnegie Hall).[38] Det fjerde albumet deira, Cruel Sister, som kom ut i oktober 1970, selde dårleg.[39] Albumet inneheldt berre tradisjonelle songar som den nesten 20 minuttar lange versjonen av «Jack Orion», ein song som Jansch og Renbourn hadde spelt i lag tidlegare som ein duett på albumet til Jansch, Jack Orion.[40]

Pentangle spelte inn to album til, men alt stresset turnelivet førte med seg gjekk ut over samhaldet i gruppa.[41] Pentangle trekte seg frå plateselskapet sitt, Transatlantic, i ein bitter strid om pengeutbetalingar.[42] Det siste albumet med den originale besetninga av Pentangle var Solomon's Seal og kom ut på Warner Brothers/Reprise i 1972. Pentangle vart oppløyst i januar 1973 og Jansch og kona kjøpte ein gard nær Lampeter i Wales, og trekte seg mellombels tilbake frå konsertlivet.[43]

Seint i 1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Etter to år som bonde forlet Jansch kona og familien og retunerte til musikken (sjølv om Jansch og kona hans ikkje vart formelt skilde før 1988).[44] I 1977 spelte han inn albumet A Rare Conundrum med fleire nye musikarar: Mike Piggott, Rod Clements og Pick Withers. Han danna så bandet Conundrum med Martin Jenkins (fiolin) og Nigel Smith (bass) i tillegg. Dei brukte seks månader på turne i Australia, Japan og USA.[45] Då turneen var over vart Conundrum oppløyst og Jansch var seks månader i USA, der han spelte inn albumet Heartbreak med Albert Lee.[45]

Jansch turnerte Skandinavia og spelte i ein duett med Martin Jenkins og basert på idear dei utvikla spelte dei inn albumet Avocet (først gjeven ut i Danmark).[46] Jansch ser på dette albumet som favoritten sin av sine eigne innspelingar.[47] Då han kom attende til England starta han Bert Jansch's Guitar Shop i 220, New King's Road i Fulham.[45] Butikken spesialiserte seg på handbygde akustiske gitarar, men gjekk ikkje godt og vart lagt ned etter to år.[48]

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1980 oppfordra ein italiensk promotor det originale Pentangle om å samlast att og spele inn eit nytt album.[49] Gjenforeininga starta dårleg då Terry Cox vart skadd i ei bilulukke, noko som gjorde at bandet debuterte på Cambridge Folk Festival som eit firemannsband.[49] Dei klarte å fullføre ein turne i Italia (med Cox i rullestol) og Australia, før Renbourn forlet bandet i 1983.[50] Fleire besetningsendringar følgde, og til slutt var Jansch og McShee dei einaste originale medlemmane.[51] Den siste besetninga bestod av Jansch, McShee, Nigel Portman Smith (klaverinstrument), Peter Kirtley (gitar og vokal) og Gerry Conway (trommer) og varte frå 1987 til 1995. Dei spelte inn tre album: Think of Tomorrow, One More Road og Live 1994.[52]

Jansch hadde alltid hatt ein stor hang til alkohol, men i 1987 vart han sjuk då han arbeidde med Rod Clements og vart i all hast frakta til sjukehus, der han fekk beskjed om at han var «så sjuk som han kunne bli utan å døy», og at han hadde valet om «å slutte med alkohol eller gje opp».[53] Han valte å slutte drikkinga. Colin Harper sa at «det er ikkje tvil om at kreativiteten, pålitelegskapen, energien, engasjementet og kvaliteten i spelinga hans alle vart redda dramatisk då han slutta å drikke.»[54] Jansch og Clements heldt fram arbeidet dei hadde starta på før Jansch vart sjuk, og i 1988 kom albumet Leather Launderette.[54]

1995 - 2011[endre | endre wikiteksten]

Frå 1995 spelte Jansch ofte på 12 Bar Club i Denmark Street i London.[55] Ein av konsertane vart teken opp på Digital Audio Tape (DAT) av dåverande manager Alan King og gjeven ut som Live at the 12 Bar: an official bootleg i 1996.[56] I 2002 spelte Jansch, Bernard Butler og Johnny «Guitar» Hodge konsert i lag på the Jazz Cafe i London.[57] I 2003 feira Jansch sekstiårsdagen sin med ein konsert i Queen Elizabeth Hall i London. Av gjestemusikarar fann ein Johnny Marr, Bernard Butler, Ralph McTell, Hope Sandoval, David Roback og Colm Ó Cíosóig.[47] Butler, McTell, Sandoval og Ó Cíosóig hadde alle spelt på Jansch-albumet Edge of a Dream i 2002.[47] Som ein hyllest til sekstiårsdagen hans, organiserte BBC ein konsert for Jansch og forskjellige gjester i kyrkja St Luke Old Street, som vart sendt på BBC Four.[47]

I 2005 slo Jansch seg igjen saman med ein av dei første inspirasjonskjeldene sine, Davey Graham, for nokre få konsertar i England og Skottland.[58] Turneen måtte utsetjast på grunn av sjukdom, og Jansch måtte gjennom ein større hjarteoperasjon seint i 2005.[59] I 2006 var han frisk nok att til å halde konsertar. Albumet The Black Swan (det første på fire år) kom ut på Sanctuary den 18. september 2006, med Beth Orton og Devendra Banhart på songane «Katie Cruel», «When the Sun Comes Up» og «Watch the Stars» som nokre av gjestene.[60] I 2007 spelte han på Babyshambles-albumet Shotter's Nation, der han spelte akustisk gitar på songen «The Lost Art of Murder».[61] Etter innspelinga spelte han i lag med frontmannen i Babyshambles, Pete Doherty, på fleire av dei akustiske konsertane hans, og spelte på Pete and Carl Reunion Gig, der tidlegare Libertines og Dirty Pretty Things-songaren Carl Barat, song med Doherty på scenen.[62]

I 2009 heldt han ein konsert på London Jazz Cafe for å feire utgjevinga av tre av dei eldste albuma hans (LA Turnaround, Santa Barbara Honeymoon and A Rare Conundrum) på CD.[63] Seinare på året vart han igjen sjuk og måtte kansellere ein 22 konsertar lang turne i Nord-Amerika, som skulle starte 26. juni.[64]

I juni 2010 spelte Jansch på Eric Clapton sin Crossroads-festival og han spelte som oppvarming for den akustiske turneen til Neil Young i Nord-Amerika dette året.

Jansch døydde 5. oktober 2011 på eit hospits i Hampstead etter ein lang kamp mot kreft. Han vart 69 år gamal.

Ettermæle og prisar[endre | endre wikiteksten]

I 2001 fekk Jansch æresprisen på BBC Radio 2 Folk Awards,[65] og 5. juni 2006 fekk han Mojo Merit Award av Mojo, på grunnlag av «ein lang karriere som framleis inspirerer». Prisen vart presentert av Beth Orton og Roy Harper. Ein annan prisvinnar under seremonien var Sir Elton John, som fortalte på scenen at han og Bernie Taupin brukte å lytte til Bert Jansch-platene.[66] Rolling Stone rangerte han på 94. plass på lista deira over dei 100 største gitaristane gjennom tidene i 2003.

I januar 2007 fekk dei fem originale medlemmane i Pentangle (inkludert Jansch) æresprisen på BBC Radio 2 Folk Awards.[67] Prisen vart presentert av Sir David Attenborough. Produsenten John Leonard sa «Pentangle var eit av dei viktigaste gruppene på slutten 1900-talet og det ville vere gale for prisen å ikkje respektere kor stor innverknad dei har hatt på musikkmiljøet.»[68] Pentangle spelte i lag på denne hendinga, for første gong på over 20 år og framføringa deira vart sendt på BBC Radio 2 kot tid etter.[69] I 2007 vart Jansch æresdoktor i musikk på Edinburgh Napier University, som «svar på dei eineståande bidraga hans til den britiske musikkindustrien».[70]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Dei musikalske inspirasjonskjeldene til Bert Jansch var mange og varierte. Tidlege inspirasjonskjelder var amerikanske bluesartistar som Big Bill Broonzy[71] og særleg Brownie McGhee, som Jansch først såg spele på The Howff i 1960 og mykje seinare hevda han at han framleis ville ha vore ein gartnar om han ikkje hadde møtt McGhee og musikken hans.[72] Jansch var òg sterkt påverka av britisk folkemusikk, særleg gjennom Anne Briggs[73] og til ein mindre grad av A.L. Lloyd.[74] Andre inspirasjonskjelder var jazz (særleg Charles Mingus[75]), tidlegmusikk (John Renbourn og Julian Bream[46]) og andre samtidige visesongarar som Clive Palmer.[76] Andre store inspirasjonskjelder var Davey Graham[77] som sjølv blanda forskjellige musikkstilar. I ungdommen hadde Jansch reist gjennom Europa til Marokko som gatemusikant, og fått musikalske impulsar og rytmar frå mange kjelder.[9] Frå desse inspirasjonskjeldene utvikla han sin eigen særeigne gitarstil.

Somme av songane hans nyttar ein enkel clawhammer-stil med høgrehanda, men ofte i kombinasjon med uvanlege akkordar. Eit døme på dette er songen «Needle of Death», der han nytta ei enkel plukking, men fleire akkordar er dekorerte med ytterlegare noneakkordar.[78]

Eit anna karakteristisk trekk i stilen hans var evna til å halde ein akkord på dei mørke strengane, medan han bøydde dei øvre strengane opp frå ein halvtone under ein akkordnote. Dette kan ein høyre tydeleg på songar som «Reynardine».[79]

Jansch tilpassa ofte akkompagnementet sitt til den naturlege rytmen til teksten i songane, enn å spele ein konsistent rytme gjennom heile songen. Dette kunne stundom føre til uvanlege taktar. Eit døme på dette er versjonen hans av Ewan MacColl-songen «The First Time Ever I Saw Your Face».

Instrument[endre | endre wikiteksten]

Gjennom utviklinga av Pentangle, spelte Jansch fleire instrument: banjo,[80] Appalachian dulcimer,[81] blokkfløyte[82] og concertina[83] og ein sjeldan gong har han spelt elektrisk gitar.[84] Det er med akustisk gitar han er mest kjend.[85] Den første gitaren til Jansch var heimelaga frå eit byggesett[86] men då han forlet skulen og byrja å jobbe, kjøpte han ein Hoffner cello-stil gitar.[87] Han bytta snart denne mot ein Zenith, som vart marknadsført som «Lonnie Donegan-gitaren» og som Jansch spelte på i viseklubbane tidleg i 1960-åra.[88] Det første albumet hans vart visstnok innspelt på ein Martin 0028 lånt av Martin Carthy.[89] Bilete frå Jansch på midten av 1960-åra syner at han nytta forskjellige modellar, melllom anna Martin- og Epiphone-gitarar.[90] Han fekk ein gitar bygd for hand av John Bailey, som vart nytta på dei fleste innspelingane av Pentangle, men denne vart til slutt stolen.[91] Han fekk så kontrakt med Yamaha, som gav han ein FG1500 som han framleis spelar på, i lag med ein Yamaha LL11 1970s jumbogitar.[89] Jansch har oppretthalde forholdet til Yamaha og for sekstiårsdagen hans gav dei han ein akustisk gitar med dekorert med gull og abaloneinnlegg, verdsett til kring £3000. Jansch har sagt at gitaren er for god til å nyttast på scenen.[92] Jansch er òg kjend for å ha spelt Fylde Guitars.[93]

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

Musikken til Jansch, og særleg måten han spelar akustisk gitar, har påverka mange kjende musikarar. Det første albumet hans vart godt likt, og Jimmy Page sa «På eit tidspunkt var eg heilt oppslukt av Bert Jansch. Då eg høyrte den første plata hans kunne eg ikkje tru det. Det var så langt føre alt det alle andre gjorde. Ingen i Amerika var i nærleiken av det.»[94] Page spelte inn ein versjon av Jansch sin «Blackwaterside», utan å tilskrive Jansch for arrangementet.[95]

Det same debutalbumet inneheldt ein versjon av Davy Graham-instrumentalen «Angie». Dette var ein favoritt hos Mike Oldfield, som øvde på akustisk gitar aleine som barn, og vart så kraftig påverka av stilen til Jansch. Tittelen på songen inspirerte Oldfield til å kalle det første bandet sitt (med systera Sall) for «The Sallyangie».[96] Versjonen til Jansch av «Angie» inspirerte òg Paul Simon til å spele inn songen på hans «Sounds of Silence» album.[97] Frå same tida sa Neil Young «Sjølv om Jimi [Hendrix] var ein stor gitarist, gjorde Bert Jansch det same for den akustisk gitaren...og er min favoritt»[98] Nick Drake og Donovan var begge beundrarar av Jansch:[99] og begge spelte songar av han, og Donovan gjekk så langt som å tileigne to songar til Jansch; «Bert's Blues» på Sunshine Superman og «House of Jansch» på Mellow Yellow. Andre som har hylla Jansch på liknande måte er Gordon Giltrap med albumet Janschology (2000), som inneheld to songar av Jansch.[100]

Jansch påverka seinare ein ny generasjon gitaristar. Bernard Butler har sagt at Noel Gallagher, Jarvis Cocker og Johnny Marr (i tillegg til han sjølv) har «hylla denne rolege, liketil, men særs akta meisteren».[101]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg: Pentangle

Album[endre | endre wikiteksten]

Live[endre | endre wikiteksten]

Samleplater[endre | endre wikiteksten]

  • 1966 – Lucky Thirteen
  • 1969 – Bert Jansch: The Bert Jansch Sampler
  • 1972 – Box Of Love: The Bert Jansch Sampler Volume 2
  • 1986 – Strolling Down The Highway
  • 1992 – The Gardener: Essential Bert Jansch
  • 1993 – Three Chord Trick
  • 1997 – Blackwater Side
  • 2000 – Dazzling Stranger: The Bert Jansch Anthology

DVD[endre | endre wikiteksten]

  • 2007 – Fresh As a Sweet Sunday Morning (konsert 2006)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Harper, Colin (2006). Dazzling Stranger: Bert Jansch and the British Folk and Blues Revival (2006 edition). Bloomsbury. ISBN 0-7475-8725-6. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Kennedy, Doug (1983). The Songs and Gitar Solos of Bert Jansch. New Punchbowl Music. s. 7. 
  3. Harper. s.57
  4. Hodgkinson, Will (5 May 2006). «Bert Jansch: A lesson with the master». The Independent. 
  5. Harper, s.84
  6. Harper, s.13
  7. Harper, s.61.
  8. Harper. s.61
  9. 9,0 9,1 Kennedy s.10
  10. 10,0 10,1 Harper. s.125
  11. Harper. s.16–43 (kapittelet London:the first days)
  12. Plateomslaget på CD-utgåva
  13. Grunenberg, Christoph; Harris, Jonathan (2005). Summer Of Love: Psychedelic Art, Social Crisis and Counterculture in the 1960s. Liverpool University Press. ISBN 0-85323-919-3. 
  14. John Crosby's sleeve notes from the Donovan CD Donovan: The Very Best Of The Early Years
  15. Grunenberg & Harris. s.139-140: "Needle of Death...did far more to make skag a drug of choice among hip British teenagers than a decade's worth of later releases on the same subject by the likes of Lou Reed [and others]..."
  16. Harper s.111 (although Harper points out that this comparison was not in line with Jansch's desires)
  17. Harper. s.357 It Don't Bother Me kom ut i desember 1965 og Jack Orion i september 1966
  18. Harper s.3-4
  19. Kennedy s.21
  20. Nat Joseph frå Transatlantic Records, siterte i Harper, s.5
  21. Harper s.5
  22. Harper. s.160
  23. Harper. s.175
  24. Grove's Dictionary of Music (online edition)
  25. Harper. s.198
  26. «Dead Pub Society website». http://www.deadpuBociety.org.uk/index.php?title=The_Horseshoe. Henta 4. februar 2011. 
  27. Harper. s.212
  28. Harper. s.212-213
  29. McKay, Alastair (3 November 2003). «No Strykarar Attached». The Scotsman.  Interview with Bert Jansch on his 60th birthday
  30. Harper. s.222
  31. Harper s.221-222
  32. Kennedy s.26
  33. Heather Jansch's website. Henta 4. februar 2011.
  34. Harper. s.211, 220
  35. Harper. p214
  36. Wilcock, Steve. «Bert Jansch – "Rosemary Lane"». Triste (4). 
  37. Guinness Book of British Hit Singles 7th Edition - 1988
  38. Harper s.224
  39. Harper s.228
  40. Harper. s.375
  41. Harper s.229
  42. Ref. Harper s.235
  43. Kennedy. s.26
  44. Harper s.252
  45. 45,0 45,1 45,2 Kennedy s.32
  46. 46,0 46,1 Harper. s.263
  47. 47,0 47,1 47,2 47,3 Harper. s.313
  48. Harper s.296
  49. 49,0 49,1 Harper. s.270
  50. Harper. s.271
  51. Harper. s. 269–282
  52. Harper s.295
  53. Harper. s.278
  54. 54,0 54,1 Harper. s.279
  55. Harper. s.295-296
  56. Harper. s.299
  57. Bert Jansch's website, henta 5. februar 2011: "Bert's September 23 show at the Jazz Cafe in London.... Bert was joined onstage by Bernard Butler on gitar and Makoto Sakamoto on trommer, as well as, earlier in the set, Johnny "Gitar" Hodge on acoustic guitar and Loren Jansch on vokal."
  58. Bert Jansch's website: Latest News section. Henta 5. februar 2011.
  59. «Bert Jansch's website». http://www.bertjansch.com/live.html. Henta 5. februar 2011. "Live gigs were due to resume in the later part of [2005]...however that tour had to be postponed, as Bert had to undergo heart surgery. He is now recovered..."
  60. «Bert Jansch's website». http://www.bertjansch.com/live.html. Henta 5. februar 2011. 
  61. Babyshambles' new album - track-by-track verdict, NME Online, 1. august 2007. Henta 5. februar 2011.
  62. The Libertines reunite at Hackney gig , NME online, 12. april 2007. Henta 5. februar 2011.
  63. Jazz cafe live. Henta 5. februar 2011.
  64. Bert Jansch website
  65. BBC Radio 2 Folk Awards. Henta 5. februar 2011.
  66. «Bert Jansch's website». http://www.bertjansch.com/news.html. Henta 5. februar 2011. 
  67. BBC Radio 2 Folk Awards. Henta 5. februar 2011.
  68. BBC Press release. Henta 5. februar 2011.
  69. BBC Folk Awards
  70. Napier University website. Henta 5. februar 2011.
  71. Harper. s.58
  72. Harper. s.57-58
  73. Harper s.113
  74. Harper s.199, særleg når det gjeld Jack Orion
  75. Harper. s.92 nemner særleg plata Mingus Ah-Um som ein inspirasjon
  76. Harper. s.92
  77. Harper. s.86
  78. Kennedy s.14
  79. Kennedy s.8
  80. Til dømes songen «House Carpenter» frå Basket of Light
  81. Til dømes songen «A maid that's deep in love» frå Cruel Sister
  82. Til dømes songen «The Snows» frå Solomon's Seal
  83. Til dømes songen «Lord Franklin» fråCruel Sister
  84. Unterberger, Richie (2003). Eight Miles High: Folk-Rock's Flight from Haight-Ashbury to Woodstock. San Francisco: Backbeat Books. s. 146. ISBN 0-87930-743-9. 
  85. Harper, s.84, skildrar at han vart gradvis flinkare og eineståande dei første åra. s.106.
  86. Harper. s.12
  87. Harper. s.13
  88. Harper. s.22
  89. 89,0 89,1 Spencer, Neil (2006-09-17), Let's stick together, The Observer, http://www.guardian.co.uk/music/2006/sep/17/17, henta 5. februar 2011 
  90. Jansch's website
  91. Harper. s.209
  92. Mulvey, John (29 December 2003). «The guitar men». The Scotsman. 
  93. Fylde Guitars
  94. Sitert mellom anna på insida av framsida til biografien til Harper.
  95. Harper. pp3-4
  96. DeRogatis, Jim (2003). Turn on Your Mind: Four Decades of Great Psychedelic Rock. Hal Leonard. s. 173. ISBN 0-634-05548-8. 
  97. Harper s.335.
  98. Sitert på nettsida til Jansch
  99. Jerey Simmonds, The Encyclopedia of Dead Rock Stars: Heroin, Handguns, and Ham Sandwiches, Chicago Review Press, 2008 ISBN 1-55652-754-3, 9781556527548; s.75: "[Drake] was inspired by musicians like Bert Jansch and John Renbourn"
  100. Gordon Giltrap's website. Henta 5. februar 2011.
  101. Brighton Magazine, 13. mars 2006. Henta 5. februar 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bert Jansch