Richard Thompson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richard Thompson
Richard Thompson - 6-21-07 - Photo by Anthony Pepitone.jpg
Prospect Park - Brooklyn, NY 2007
Fødd 3. april 1949 (65 år), Notting Hill Gate i London
Instrument Vokal, gitar
Sjanger Rock, folkrock, elektrisk folk
Aktive år 1967 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Fairport Convention
Linda Thompson
Kamila Thompson
French Frith Kaiser Thompson
Danny Thompson
Teddy Thompson
Golden Palominos
Plateselskap Capitol Records
PolyGram
Shout! Factory
Nettstad www.richardthompson-music.com

Richard John Thompson OBE (fødd 3. april 1949) er ein britisk låtskrivar, gitarist og songar. Han er høgt respektert for gitarteknikken sin og fekk av Orville H. Gibson pris for beste akustiske gitarist i 1991.[1] Låtskrivinga hans har òg gjeve han ein Ivor Novello-pris[1] og i 2006 fekk han ein ærespris frå BBC Radio.[1][2] Artistar som har spelt Thompson sine songar er mellom andre Robert Plant, Del McCoury, R.E.M., Bonnie Raitt, Christy Moore, David Gilmour, Mary Black, Elvis Costello, The Corrs, Sandy Denny, Joel Fafard, Maria McKee, Shawn Colvin, Norma Waterson, Maura O'Connell, Los Loboar, John Doe, Greg Brown, Bob Mould, Loudon Wainwright III og The Blind Boys of Alabama.[3][4]

Richard Thompson gjorde sin debut som plateartist som medlem av bandet Fairport Convention i september 1967. Frå 1970-talet, og til byrjinga av 1980-talet, gav han ut ei rekkje plater saman med den dåverande kona Linda Thompson, med I Wanna See The Bright Lights Tonight (1974) og skilsmisseplata Shoot out the Lights (1982) som nokre av høgdepunkta.

Thompson vart i dronninga si nyårsliste for 2011 utnemnd til offiser av Den britiske imperieordenen for musikken sin.[5]

Tidleg liv og karriere (1949 til 1972)[endre | endre wikiteksten]

Richard John Thompson vart fødd i Ladbroke Crescent i Notting Hill i West London i England.

Som mange av musikarane i hans generasjon vart Thompson eksponert for rock and roll frå tidleg alder, men òg faren si samling av jazz og tradisjonell skotsk musikk.[6] All desse forskjellige stilartane farga spelestilen til Thompson i åra som kom.

Joe Boyd: «Han kan imitere nesten alle stilartar, og gjer det ofte, men er med ein gong gjenkjenneleg. I spelinga hans kan du høyre den skotske sekkepipa og melodien til songaren, og ekko av gitarane til Barney Kessell og James Burton og pianoet til Jerry Lee Lewis. Men ingen bluesklisjear.»[7]

Då han var 18 år gammal spelte Thompson i det nydanna Fairport Convention. Det var gitarspelinga til Thompson som fanga merksemda til den amerikanske produsenten Joe Boyd. Boyd tok på grunn av dette bandet under vengjene sine og sigenrte dei til sitt eige Witchseason produksjons og managementselskap.[6][7]

Boyd: «Og der var denne gruppa med snille Muswell Hill-elevar og ei jente som spelte amerikansk musikk. Leonard Cohen-songar og Richard Farina-songar og Bob Dylan-songar, alt utført i ein slags vestkyst rockestil. Og så kom gitarsoloen, og Richard berre spelte denne fantastiske soloen. Han spelte ein solo med element frå Django, frå Charlie Christian, ein utruleg sofistikert liten solo. Og han forbløffa meg verkeleg, breidda av teknikken hans. Så etter konserten var eg i garderoben og spurte dei om dei ville lage eit album.»[8]

Kort tid etter starta Thompson, som alt hadde fått rykte som ein eineståande gitarist, å skrive songar. Dette ser ut til å ha kome av at han var nøydd, fordi Fairport Convention i starten i røynda var eit coverband.

Då Fairport spelte inn det andre albumet sitt, som vart innspelt og gjeven ut tidleg i 1969, starta Thompson å tre fram som ein særeigen låtskrivar. Etter kvart som stilen til Fairport utvikla seg, skreiv Thompson songar som «Meet On The Ledge», «Genesis Hall» og «Crazy Man Michael».

I januar 1971 annonserte Thompson at han forlet Fairport Convention. Dette ser ut til å ha vore instinktivt og ikkje eit kalkulert karrieretrekk.

«Eg forlet Fairport på grunn av ei magekjensle og ante eigentleg ikkje kva eg gjorde, bortsett frå å skrive. Eg skreiv ting og det verka interessant og eg tenkte det ville vere kjekt å lage eit album. Og samstundes — 70-71 — spelte eg mykje som studiomusikar og slik unngjekk tanken om ein karriere.»[6]

I april 1972 gav han ut det første soloalbumet Henry the Human Fly. Albumet selde dårleg og vart kritisert av pressa.[6] Med åra har derimot Henry vorte høgt verdsett.[6] I oktober 1972 gifte han seg med Linda Peters, som hadde sunge på Henry the Human Fly og dei slo seg saman for det neste albumeet.

Richard og Linda Thompson (1973 til 1982)[endre | endre wikiteksten]

Det første Richard og Linda Thompson-albumet, I Want to See the Bright Lights Tonight, vart spelt inn i mai 1973. På grunn av oljekrisa var det mangel på vinyl i landet og Bright Lights vart halde attende av Island Records i nesten eitt år før det kom ut i april 1974. Albumet vart godt motteke, men selde dårleg. Familien Thompson spelte inn to album til, Hokey Pokey og Pour Down Like Silver, begge i 1974, før Richard Thompson bestemte seg for å trekkje seg attende. Paret flytta til eit Sufi-samfunn i East Anglia. Det var ikkje opplagt frå platene deira, men Thompson-familien hadde vorte omvendt til islam tidleg i 1974.[6]

Thompson kom gradvis attende til musikkbransjen i 1977. Han gjesta på eit album av Sandy Denny, og gjorde ein kort turne, før han starta å spele inn musikk med musikarar som òg var sufiar. Thompson bad Joe Boyd å produsere innspelingane, men etter to dagar skjønte Boyd at det ikkje kom til å bli ein suksess. Musikarane var ikkje flinke nok.[6] Om lag samstundes flytte Richard Thompson og kona attende til den gamle heimen sin, og starta å spele inn eit nytt album, det første på tre år. First Light kom ut og fekk god kritikk[8], men selde igjen ikkje særleg bra. Det gjorde heller ikkje oppfølgjaren, det noko hardare og meir kyniske Sunnyvista frå 1979. Chrysalis Records nytta ikkje høvet til å fornye kontrakten, og Thompson stod utan platekontrakt.

Gerry Rafferty hadde hyrt Thompson som oppvarmingsband for turneen sin i 1980, og hadde i tillegg nytta Thompson som studiomusikar på hans Night Owl. Rafferty tilbaud seg å finansiere eit nytt album med Thompson, som han så kunne nytte til å sikre seg ein ny platekontrakt.[6] Richard Thompson vart derimot uvener med Rafferty under prosjektet og var ikkje nøgd med resultatet.[6] Rafferty heldt likevel sin del av avtalen og presenterte albumet for fleire plateselskap, men ingen var interesserte i å signere Thompson.[6]

Om lag eit år seinare signerte Joe Boyd Thompsons-familien til det vesle Hannibal-selskapet og dei spelte inn eit nytt album. Shoot Out the Lights, inkludert nye innspelignar av mange av songane innspelt i 1980. Linda Thompson var gravid under innspelinga, så utgjevinga av albumet vart utsett til dei kunne turnere etter albumet kom ut. Pusteproblem som oppstod under graviditeten gjorde at Linda ikkje klarte å synge solo på nokre av songane ho hadde spelt inn. Som ei mellombels løysing valte Richard Thompson å arrangere ein liten turne i USA med Nancy Covey, som hadde vore i Storbritannia i 1981 for å få Thompson til å spele i gitarbutikken til McCabe i Santa Monica.[6] Under denne turneen utvikla Thompson og Covey eit nært forhold, og i desember 1981 vart Richard og Linda Thompson separert.[6]

Shoot Out the Lights vart hylla av kritkarane då det kom ut i 1982 og selde ganske bra, særleg i USA.[6][9]

Richard og Linda Thompson turnerte framleis i lag, og både albumet og konsertane gjorde det bra i USA. Spliden mellom Richard og Linda var derimot tydeleg på scenen, og ved eit høve slo ho til han under konserten.[6]

Richard Thompson på Fairport's Cropredy Convention 2005

Solo (1983 til i dag)[endre | endre wikiteksten]

Etter den stormfulle turneen i USA, skilde Richard og Linda lag òg profesjonelt. Richard Thompson helst fram som soloartist. På albumet Hand Of Kindness i 1983 arbeidde han med Boyd igjen. Han var stadig på turne, i aukande i grad i USA. I 1985 signerte Thompson platekontrakt med PolyGram.[6] Han gifta seg òg med Nancy Covey og flytte til California.

Across A Crowded Room var det siste han spelte inn i England og det siste med Boyd som produsent. Etter at albumet selde dårleg var Thompson under press frå PolyGram om å lage eit album som selde bra.[6][10] I 1986 gav han ut Daring Adventures, som vart spelt inn i Los Angeles og produsert av Mitchell Froom. Med dette albumet sikta Froom og PolyGram seg inn på universiteta og dei «alternative» marknadane. Salet auka, men ikkje nok, og PolyGram nekta å fornye kontrakten.[6] Thompson klarte då å forhandle fram ein ny avtale med Capitol Records.

Det Grammynominerte albumet Rumor And Sigh frå 1991 selde godt. Det neste albumet, Mirror Blue vart halde attende av plateselskapet i nesten eitt år, etter at direktøren vart skifta ut, og det selde langt dårlegare då det kom ut i 1994. I 1999 gav Thompson ut Mock Tudor.

I mai 2007 gav Thompson ut Sweet Warrior. Den 10. juni 2010 fekk Thompson Mojo Les Paul Award for «Gitar Legend».[11][12]

Sideprosjekt og samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Thompson har spelt i mange prosjekt med andre musikarar opp gjennom åra. Etter han forlet Fairport Convention tidleg i 1971 spelte han på albuma til John Martyn, Al Stewart, Matthews Southern Comfort, Sandy Denny og Nick Drake. I same periode samarbeidde han med Ashley Hutchings, John Kirkpatrick, Dave Mattacks og Barry Dransfield på Morris On, ei samling av engelske tradisjonelle songar arrangert for elektriske instrument. The Bunch var eit anna konsept med Sandy Denny, Linda Peters og medlemmar av Fairport Convention) der dei spelte inn klassiske rock and roll-songar.

Thompson har gjesta på album av Crowded House, Bonnie Raitt og Vivian Stanshall, Norma Waterson og Beausoleil og folkeartistar som Loudon Wainwright III, Cathal McConnell og Bob Davenport. Han har òg spelt i lag med Teddy Thompson, sonen hans frå ekteskapet med Linda Thompson.

Richard Thompson med Dave Pegg frå Fairport Convention ved Cropredy, 2005.

Sidan tidleg i 1980-åra har Thompson spelt med Fairport Convention på den årlege Cropredyfestivalen, både som soloartist og som medlem av bandet.

I 1999 vart Richard Thompson oppringt av Playboy Magazine som bad han liste opp dei 10 beste songane i milleniet. Dei meinte nok truleg decenniet, men Thompson tok dei på ordet og gav redaksjonen ei ti på topp-liste som starta med år 1068. Då lista ikkje vart publisert fekk han idéen at han sjølv ville gjere ein konsert der han presenterte sitt eige bidrag til 1000 Years of Popular Music. Konserten førte til utgjevinga av ein DVD og 2 CDar, der han starta med «Sumer Is Icumen In» (frå kring 1260) og ender opp med «Oops!… I Did It Again» av Britney Spears (2000) og «1985» (2004). På konserten vart han akkompagnert av Judith Owen (song, keyboards) og Debra Dobkin (perkusjon, song).

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Richard Thompson biography on official web site». http://www.richardthompson-music.com/bio.asp. Henta 27. januar 2011. 
  2. «BBC Radio 2 Folk Awards 2006 - Winners». BBC.co.uk. http://www.bbc.co.uk/radio2/r2music/folk/folkawards2006/winners06.shtml. Henta 27. januar 2011. 
  3. «Official web site list of artist's songs covered by other artists». p. 1. http://www.richardthompson-music.com/album.asp?id=54. Henta 27. januar 2011. 
  4. «Official web site list of artist's songs covered by other artists». p. 2. http://www.richardthompson-music.com/album.asp?id=53. Henta 27. januar 2011. 
  5. London Gazette, nr. 59647, 31. desember 2010, s. N12.
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 6,11 6,12 6,13 6,14 6,15 6,16 Humphries, Patrick, Richard Thompson - The Biography, Schirmer, 1997. ISBN 0-02-864752-1
  7. 7,0 7,1 Boyd, Joe, White Bicycles - making music in the 1960s, Serpent's Tail, 2005. ISBN 1-85242-910-0
  8. 8,0 8,1 Richard Thompson: Solitary Life. BBC 4. Producer Paul Bernays. Februar 2003.
  9. Jay Cocks (30 August 1982). «Songs of Sad Experience». Time Magazine. 
  10. Dave Smith (2004). «The Great Valerio - A Study of the Songs of Richard Thompson». http://www.richardthompson-music.com/docs/GV_book.pdf. 
  11. «Richard Thompson Picture». http://www.contactmusic.com/photos.nsf/main/richard_thompson_5496377. Henta 27. januar 2011. 
  12. Barnes, Anthony (2010-06-11). «Gitar greats honoured at Mojo music awards». London: The Independent. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Richard Thompson