Steeleye Span

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steeleye Span
Sjanger Folkrock
Aktive år 1969 til i dag
Plateselskap Park Records, Shanachie Records, Chrysalis Records, Flutterby Records, Mooncrest Records, B & C Records
Medlemmer
Peter Knight
Rick Kemp
Maddy Prior
Liam Genockey
Pete Zorn
Julian Littman
Tidlegare medlemmer
Ken Nicol
Bob Johnson
Tim Hart
Tim Harries
Gay Woods
Nigel Pegrum
Ashley Hutchings
Martin Carthy
John Kirkpatrick
Terry Woods
Terl Bryant
Michael Gregory
Mark Williamson
Chris Staines

Steeleye Span er eit engelsk folkrockband, danna i 1969 og framleis aktive i dag. I lag med Fairport Convention er dei av dei mest kjende banda innan britisk folkrock som framleis held på i dag, og var av dei mest kommersielt suksessrike på grunn av hitsinglane «Gaudete» og «All Around My Hat». Dei fekk tre album inn på Topp 40 i Storbritannia og fekk gullplate for «All Around My Hat».

Namnet Steeleye Span kjem frå ein karakter i den tradisjonelle songen «Horkstow Grange» (som dei ikkje spelte inn før albumet med same namn i 1998). Songen fortel om ein kamp mellom John «Steeleye» Span og John Bowlin. Ein trur ikkje nokon av dei verkeleg skal ha eksistert. Martin Carthy gav Tim Hart ideen om bandnamnet. Då dei bandet diskuterte namn stod det mellom «Middlemarch Wait», «Iyubidin's Wait» og «Steeleye Span». Sjølv om det berre var fem bandmedlemmer dukka det opp seks stemmesetlar og «Steeleye Span» vann. Først i 1978 innrømde Hart at han hadde stemd to gonger. Terry Woods fortel at medlemmane vart samde om at om meir enn ein person forlet bandet, så skulle resten av bandet skifte namn, og han vart oppskaka då dette ikkje skjedde då han og Gay Woods forlet bandet.

Gjennom den lange historia deira har Steeleye Span hatt mange besetningar, men likevel hatt ein sterk kontinuitet. Solovokalist Maddy Prior var ein av hovudattraksjonane i musikken til bandet, og var ein av få sterke, men melodiske kvinner i rockemusikken i 1970-åra i lag med Sandy Denny, Annie Haslam frå Renaissance, Jacqui McShee, Linda Ronstadt og Linda Thompson.

Eit typisk album av Steeleye Span består hovudsakleg av tradisjonelle songar med ein eller to instrumental av ein jig eller ein reel. Dei tradisjonelle songane er ofte ein av Child-balladane.På seinare album har dei i aukande grad spelt inn sine eigne songar, men dei har aldri gått bort frå tradisjonell musikk.

Besetningar[endre | endre wikiteksten]

Steeleye Span 1: Tim Hart, Maddy Prior, Terry Woods, Gay Woods, Ashley Hutchings

Periode: 1969-70
Album: Hark! The Village Wait
Merknad: Denne besetninga spelte aldri konsertar

Steeleye Span 2: Tim Hart, Maddy Prior, Ashley Hutchings, Martin Carthy, Peter Knight

Periode: 1971-72
Album: Please to See the King, Ten Man Mop, or Mr. Reservoir Butler Rides Again
Merknad: Dette var den første besetninga som spelte konsertar

Steeleye Span 3: Tim Hart, Maddy Prior, Peter Knight, Bob Johnson, Rick Kemp

Periode: 1972-73
Album: Below the Salt, Parcel of Rogues

Steeleye Span 4: Tim Hart, Maddy Prior, Peter Knight, Bob Johnson, Rick Kemp, Nigel Pegrum

Periode: 1973-77
Album: Now Now We Are Six, Commoner's Crown, All Around My Hat, Rocket Cottage
Merknad: Den kommersielt mest suksessrike besetningar

Steeleye Span 5: Tim Hart, Maddy Prior, Rick Kemp, Nigel Pegrum, Martin Carthy, John Kirkpatrick

Periode: 1977-78
Album: Storm Force Ten, Live at Last
Merknad: Den første besetninga med eit tidlegare bandmedlem

Steeleye Span 6: Tim Hart, Maddy Prior, Rick Kemp, Nigel Pegrum, Peter Knight, Bob Johnson

Periode: 1980-82
Album: Sails of Silver
Merknad: Same besetning som 4.

Steeleye Span 7: Maddy Prior, Rick Kemp, Nigel Pegrum, Peter Knight, Bob Johnson

Periode: 1982-86
Album: Back in Line
Merknad: Prior er det einaste gjenverande originale medlemmet

Steeleye Span 7.1: Maddy Prior, Nigel Pegrum, Peter Knight, Bob Johnson, Mark Williamson

Periode: 1986
Album: None
Merknad: Denne besetninga eksisterte berre for ein turne.

Steeleye Span 7.2: Maddy Prior, Nigel Pegrum, Peter Knight, Bob Johnson, Chris Staines

Periode: 1986-87
Album: None
Merknad: Denne besetninga eksisterte òg berre for ein turne

Steeleye Span 8: Maddy Prior, Nigel Pegrum, Peter Knight, Bob Johnson, Tim Harries

Periode: 1988-89
Album: Tempted and Tried
Merknad: Pegrum forlet bandet like etter 'Tempted', så denne besetninga turnerte aldri etter albumet

Steeleye Span 9: Maddy Prior, Peter Knight, Bob Johnson, Tim Harries, Liam Genockey

Periode: 1989-95
Album: Tonight's the Night...Live
Merknad: Denne besetninga turnerte først etter 'Tempted and Tried'.

Steeleye Span 10: Maddy Prior, Peter Knight, Bob Johnson, Tim Harries, Liam Genockey, Gay Woods, Ashley Hutchings, Martin Carthy, Rick Kemp, Nigel Pegrum, John Kirkpatrick, Michael Gregory, Tim Hart

Periode: 1995
Album: The Journey
Merknad: Denne besetninga var ein gjenforeiningsturne. Alle dei tidlegare medlemmene var med bortsett frå Terry Woods. Michael Gregory hadde ikkje spelt i bandet før.

Steeleye Span 11: Maddy Prior, Peter Knight, Bob Johnson, Tim Harries, Liam Genockey, Gay Woods

Periode: 1995-97
Album: Time

Steeleye Span 12: Peter Knight, Bob Johnson, Tim Harries, Gay Woods

Periode: 1997-2000
Album: Horkstow Grange, Bedlam Born
Merknad: Dette var den første besetninga utan Maddy Prior.

Steeleye Span 12.1: Peter Knight, Tim Harries, Gay Woods, Rick Kemp

Periode: 2000-01
Album: Ingen
Merknad: Denne besetninga spelte berre konsertar

Steeleye Span 12.2: Peter Knight, Tim Harries, Rick Kemp, Terl Bryant

Periode: 2001
Album: Ingen
Merknad: Denne besetninga spelte berre konsertar. Terl Bryant er tilskriven som spesiell gjest

Steeleye Span 13: Peter Knight, Rick Kemp, Maddy Prior, Bob Johnson, Liam Genockey

Periode: 2002
Album: Present--The Very Best of Steeleye Span
Merknad: Denne besetninga turnerte aldri på grunn av helseproblema til Johnson

Steeleye Span 13.1: Peter Knight, Rick Kemp, Maddy Prior, Liam Genockey, Ken Nicol

Periode: 2002
Album: Ingen
Merknad: Ken Nicol erstatta Bob Johnson for ein turn etter 'Present'.

Steeleye Span 14: Peter Knight, Rick Kemp, Maddy Prior, Liam Genockey, Ken Nicol

Periode: 2003 - 2009
Album: They Called Her Babylon, Winter, Folkrock Pioneers in Concert, Bloody Men, Cogs, Wheels & Lovers
Merknad: Besetninga som har vart lengst, og den mest produktive når det kjem til album.

Steeleye Span 14.1: Peter Knight, Rick Kemp, Maddy Prior, Liam Genockey, Ken Nicol, Pete Zorn

Periode: 2009 til i dag
Album: Ingen
Merknad: Har berre spelt konsertar

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum
Hark! The Village Wait (1970)
Please to See the King (1971)
Ten Man Mop, or Mr. Reservoir Butler Rides Again (1971)
Below the Salt (1972)
Parcel of Rogues (1973)
Now We Are Six (1974)
Commoners Crown (1975)
All Around My Hat (1975)
Rocket Cottage (1976)
Storm Force Ten (1977)
Sails of Silver (1980)
Back in Line (1986)
Tempted and Tried (1989)
Time (1996)
Horkstow Grange (1998)
Bedlam Born (2000)
Present--The Very Best of Steeleye Span (2002)
They Called Her Babylon (2004)
Winter (2004)
Bloody Men (2006)
Cogs, Wheels and Lovers (2009)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]