Thomas Morley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Morley
Fødd ca 1557, Norwich i England
Død Oktober 1602, London i England
Sjanger Renessansemusikk, vokalmusikk
Yrke Komponist, musikkteoretikar og organist.

Thomas Morley (fødd 1557 eller 1558, truleg i Norwich, død oktober 1602 i London) var ein engelsk renessansekomponist, musikkteoretikar og organist.

Morley var elev av William Byrd og fekk ein bachelorgrad i musikk frå Oxford i 1588. Frå å vere organist i St. Pauls katedral i London steig han i gradene til å bli Gentleman i Chapel Royal (det kongelege kapellet) der han var frå 1592 til han døydde.

Nicholas Yonge publiserte i 1588 Musica transalpina, ei samling italienske madrigalar med engelsk tekst som førte til at engelske madrigalar vart særs populære. Morley fann tydelegvis sin stil på den tida, for kort tid etter gav han ut den første madrigalsamlinga si av i alt 11.

Morley skreiv noko kyrkjemusikk og nokre instrumentalverk for broken consort og tangentinstrument, men det er som madrigalist han har hatt størst påverknad. Musikken hans er lystig og tiltalande, han vart særs populær i samtida og vert framleis framført. April is in my Mistress' Face og «Now is the Month of Maying» er framleis av dei mest kjente engelske madrigalane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]