Three Cliffs Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Three Cliffs Bay

Three Cliffs Bay eller Three Cliff Bay er ei bukt på sørkysten av Gowerhalvøya i byen og grevskapet Swansea i Wales. Bukta er kalla opp etter tre klipper som spring fram i bukta. Pennard Pill, ei lita elv, munnar ut i sjøen midt i bukta.

Stranda har ofte Blått Flagg-status. Nokre hundre meter innover frå stranda ligg Pennard Castle. Det vart bygd på 1100-talet og er omtalt i mange segner. Dei forskjellige strendene har sine eigne namn, som Pobbles Bay i aust og Tor Bay i vest. Strendene er fråskilde ved flo sjø, men heng saman ved fjøre. Det går stiar nordover til Pennard Burrows, aust til Pobbles og vest til Tor Bay. Ein kan òg nå Pobbles og Tor Bay frå stranda ved fjøre sjø.

Three Cliffs Bay er i røynda ein del av den større bukta Oxwich Bay. Klippene rundt bukta består av kalkstein og er om lag 20 meter høge. Desse vert mykje nytta til fjellklatring.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 51°34′6″N 4°6′55″W