Swansea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Swansea
City and County of Swansea

walisisk Dinas a Sir Abertawe
Swansea frå Kilvey Hill
Swansea frå Kilvey Hill
Swansea frå Kilvey Hill
Motto
«Floreat Swansea»
Plassering
Swansea is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Wales
Hovudområde Swansea
Grunnlagd 1100-talet
Borgarmeister Christopher Holley
Geografi
Flatevidd
 - By

378 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

171 352
  453,3 /km²
Koordinatar 51°37′″N 3°57′″WKoordinatar: 51°37′″N 3°57′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer SA1-SA7
Telefon-retningsnummer 01792
Nettstad: www.swansea.gov.uk/
Commons har multimedium som gjeld: Swansea

Swansea (walisisk Abertawe, «munningen til Tawe») er ein by og eit hovudområde i det sørlege Wales. Det ligg ved kysten, rett aust for Gowerhalvøya i det tradisjonelle grevskapet Glamorgan. Ein meiner at namnet Swansea kjem frå «Sweyn's Ey» («Sveins øy») og vart innført i perioden då vikingar plyndra kysten av Wales. Byen fekk status som city så seint som i 1969, i samband med innsetjinga av prins Charles som prins av Wales.

Bygrensa er trekt med god margin omkring den eigentlege byen Swansea og inkluderer byar som Gorseinon og Loughor og landsbygd. Swansea er den nest største byen i Wales etter Cardiff, ein status han fekk gjennom sterk vekst då han vart eit sentrum for tungindustri på 1700- og 1800-talet.

Dei fleste bygningane i sentrum er moderne, sidan Swansea vart bomba fleire gonger under den andre verdskrigen. Utanfor byen er det fine strender og vakkert kystlandskap og den tidlegare fiskelandsbyen Mumbles (òg kjend som Oystermouth) har vorte ein turiststad med fleire gode restaurantar.

Fotballklubben Swansea City AFC har spela i engelsk Premier League og Football League Championship.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Swansea