Titandioksid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Titandioksidkrystallar

Titandioksid er eit naturleg førekommande oksid av titan. Den kjemiske formelen er TiO2. Eit eldre namn er titansyre.

Titandioksid blir mest nytta som eit pigment, då det er eit av dei beste kvite fargepigmenta ein kjenner. Det har ein særs høg brytingsindeks som tillèt høg refleksjon av reint lys. Om lag 46 millionar tonn TiO2 blir nytta kvart år[1] som fargestoff i varer som maling, lakk, papir, plastprodukt, blekk, mat, medisin (piller) og i dei fleste tannkremar. Populariteten er grunna stoffet sin høge grad av opasitet (ugjennomsiktig), som mellom anna i maling gjer at det har blitt kalla «det perfekte kvitt

I tillegg blir stoffet nytta i kosmetikkindustrien, mellom anna i tatoveringar, sminkeprodukt og i solkrem. I så godt som all solkrem finn ein titandioksid på grunn av den høge brytingsindeksen, noko som gjer at det absorberer mesteparten av dei skadelege UV-strålane, og omdannar dei til energi i form av varme. UV-absorberingseigenskapane har ført til at det òg blir nytta i plastprodukt, der absorbsjonen i titandioksid gjer at plasten tar mindre skade av UV-strålane.

Titandioksid har òg eigenskapen til å hydrolysere vatn, det vil seie omdanne H2O til oksygen og hydrogen. Dette gjer at det ein har tenkt at titandioksid kan nyttast som katalysator i samband med produksjon av hydrogen til direkte bruk i brenselcelle-bilar.

Titandioksid har E-nummer E171.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Winkler, Jochen (2003). Titanium Dioxide. Hannover: Vincentz Network. s.  5. ISBN 3-87870-148-9. 
  2. Department of Food Biosciences, University of Reading, UK. E Number List

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]