Toce

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Toce
Tocefalla
Tocefalla
Utspring Griespasset nær grensa til Sveits
Munning Lago Maggiore
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 76 km

Toce er ei elv i Piemonte i Italia. Ho er 76 km lang og spring ut frå den italienske sida av Griespasset nær grensa til Sveits og munnar ut i Lago Maggiore nær Fondotoce i kommunen Verbania.

Plasseringa til Toce

Sør for La Frua fell vatnet 143 meter ned Tocefallene i Formazzadalen. Ho renn gjennom denne dalen og kryssar Valle Antigorio gjennom ei ny rekkje fossefall. Nær Crevola d'Ossola mottar ho Diveria. Frå her vert dalen vidare og vert kalla Val d'Ossola. Toce renn gjennom den største byen i dalen, Domodossola og så Villadossola og Ornavasso. Etter totalt 76 km munnar Tcoe ut i Maggioresjøen.

Dei største sideelvane hennar er Diveria, Melezza (som ho motter nær Domodossola), Anza (nær Piedimulera) og Strona (nær Gravellona Toce).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]