Lago Maggiore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lago Maggiore
Lago Maggiore -
Lago Maggiore - Kart over Lago Maggiore
Kart over Lago Maggiore
Stad Albanarfjella
Koordinatar 45°57′N 8°38′EKoordinatar: 45°57′N 8°38′E
Tilsig Ticino, Maggia, Toce, Tresa
Utsig Ticino
Tilsigsområde 6 599 km²
Tilknytte land Italia, Sveits
Største lengde 66 km
Største breidde 10 km
Overflateareal 212,5 km²
Middeldjupne 177,4 m
Største djupne 372 m
Vassvolum 37 km³
Hydraulisk opphaldstid 4 år
Høgd over havet 193 m
Øyar Brissagoøyane, Borromeanøyane
Busetnadar Locarno, Luino,
Verbania, Arona

Lago Maggiore (óg kalla Lago Verbano) er den vestlegaste av dei tre store innsjøane nord i Italia, og den nest største i landet etter Gardasjøen.

Santa Caterina del Sasso

Han har eit areal på 213 km², ei lengd på 54 km og er 12 km på det breiaste. Innsjøen er danna av isbrear og har eit volum på 37 km³.

Dei største elvane som munnar ut i innsjøen er Ticino, Maggia, Toce og Tresa (som kjem frå Luganosjøen). Elvane Verzasca, Giona og Cannobino renn òg ut i innsjøen. Utsiget er Ticino som munnar ut i Po like søraust for Pavia.

Den ujamne breidda til innsjøen er omgjeve av fjella sør for Alpane i Piemonte og Lombardia. Den vestlege breidda høyrer til Piemonte (provinsane Novara og Provinsen Verbano-Cusio-Ossola) og den austlege til provinsen Varese i Lombardia. Dei nordlegaste områda av innsjøen strekker seg 13 km inn i Sveits, der han utgjer det lågastliggande området i heile Sveits.

Klimaet er mildt om både sommar og vinter og området har middelhavsvegetasjon med vakre hagar med sjeldne og eksotiske planter. Kjende hagar er mellom anna Isola Madre, Isola Bella og Isole di Brissago, Villa Taranto i Verbania og den botaniske hagen Alpinia ovanfor Stresa.


Byar og landsbyar ved innsjøen[endre | endre wikiteksten]

Sveits Piemonte Lombardi

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Isola Bella


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lago Maggiore

Kjelde[endre | endre wikiteksten]