Tolvtonemusikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tolvtonerekkje snudd om på ulike måtar.

Tolvtonemusikk (også tolvtonesystemet eller dodekafoni) er ein spesiell komposisjonsteknikk som blei danna av austerrikaren Arnold Schönberg. Systemet byggjer på ein viss sekvens av dei tolv tonane i den kromatiske skalaen som ein kan følgja rett, baklengs, oppdelt, transponert og så bortetter, men stadig i same rekkjefølgje. Meininga med ein slik teknikk skal vera å erstatta dur- og mollskalaene og frigjera tonaliteten.

Schönberg sine idear bygde truleg på dei til landsmannen Josef Matthias Hauer. I tillegg til Schönberg brukte elevane hans Alban Berg og Anton Webern tolvtonesystemet. Andre komponistar som har nytta det er Ernst Křenek, Luigi Dallapiccola, Frank Martin, Humphrey Searle. I Norden har det vore nytta av Karl-Birger Blomdahl, Sven-Erik Bäck, Finn Mortensen, Gunnar Sønstevold og Fartein Valen (i fri form).

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tolvtonemusikk