Torbjørnskjær fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Torbjørnskjær
Fylke Østfold
Kommune Hvaler
Funksjon Kystfyr
Oppretta 1872
Koordinatar 58°59.7796′N 10°46.9021′EKoordinatar: 58°59.7796′N 10°46.9021′E
Fyrtårn
Høgd 18 m
Form Fyrbygning med tårn
Byggjemateriale Granitt
Fyrlys
Lyskarakter Blink kvart 10. sek.
Lyshøgd 25,5 moh
Lysvidde 10,4 nm
Status
Eigar Staten
Automatisert 1990
Avfolka 1990
Vernestatus Fredet etter lov om kulturminner

Torbjørnskjær fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein liten holme utanfor Hvaler i Oslofjorden. I lag med Færder fyr markerer Torbjønskjær innseglinga til Oslofjorden og er samstundes eit grensefyr mot Sverige. Fyrstasjonen kom i drift i 1872 og vart avfolka og automatisert i 1990.

Torbjørnskjær fyrstasjon is located in Østfold
Plasseringa til Torbjørnskjær fyrstasjon

Fyret består av ein fyrbygning med eit tårn i gavlen. Fyrbygningen har arkitektonisk verdi med godt steinhoggararbeid. I tillegg finst ein assistentbustad, maskinhus, uthus, brønn og hage, i tillegg til naust og to landingar. Det er vanskeleg å kome i land på øya, så i dag vert det ofte nytta helikoptertransport for vedlikehald av fyret.

Det er både sel og sjøfugl i området og fyrstasjonen ligg i eit område som er verna som nasjonalpark.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]