Toto Cutugno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Salvatore «Toto» Cutugno (fødd 7. juli 1943) er ein italiensk popsongar og låtskrivar. Han er særleg kjend for songen «L'Italiano» frå 1983, som blei spelt over heile verda. I 1990 vann han Eurovision Song Contest med songen «Insieme: 1992», som lovprisa europeisk samarbeid.

Cutugno har også skrive songar for andre musikarar, mellom anna Joe Dassin, som «L'été indien», «Et si tu n'existais pas» og «Le Jardin du Luxembourg» (den siste saman med Vito Pallavicini). Han var også med på å skriva «Gugu L'amoroso» som blei ein salssuksess for Dalida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen som har med Italia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.