Trebukken tømmermann
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Trebukken tømmermann | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Arthropoda | |
| Underrekkje: | Hexapoda | |
| Klasse: | Insecta | |
| Underklasse: | Pterogyta | |
| Infraklasse: | Neoptera | |
| Orden: | Coleoptera | |
| Familie: | Cerambycidae | |
| Slekt: | Acanthocinus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Acanthocinus aedilis | ||
Tømmarmannen er ei bille i trebukkfamilien. Han er med sine ekstremt lange antenner mellom dei mest karakteristiske artane i gruppa. Ein finn dei vanleg i barskogsområde i heile Europa og nordlege delar av Asia.
Levesett[endre]
Tømmarmannen går først og fremst på furu, men ein finn dei òg på fleire andre bartre. Larvane lever under barken i dei nedre delane av stammer og stubbar, og øvst i røtene på daudt og ferskt trevirke. Dei gneg ut eit puppekammer ytst i veden eller i sjølve borken. Her overvintrar dei, før dei kjem ut mellom mai og juli ein gong.