Trekanthandel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Områda råka av trekantfarten. Pilene mellom dei teiknar ein slags trekant.

Trekanthandel eller triangelfart viser hovudsakleg til sjøfartshandelen som fann stad mellom Europa, Afrika og Amerika under kolonitida, frå 1400-talet til 1800-talet. Ein frakta tilverka varer frå Europa til Afrika, der ein kjøpte menneske til slaveri. Desse blei transportert til Amerika og selde, før skipet tok med kolonialvarer som ofte var tilverka av slavar tilbake til Europa. Denne forma for handel nytta tilgang og etterspurnad dei tre ulike stadene til å frakta nyttig last til neste stad. Samstundes gjorde skipa nytte av vind og straumar i Atlanterhavet til effektiv segling.

«The inspection and sale of a Negro». Illustrasjon til Captain Canot; or, Twenty Years of an African Slaver, utgjeven i 1854.

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste vesteuropeiske sjøfartsnasjonar dreiv med trekanthandel. Storbritannia var ein viktig deltakar med fleire koloniar i Vest-Afrika, Karibia og Nord-Amerika, og hamnebyen Liverpool stod bak ein stor del av trafikken.

Danmark-Noreg deltok også i denne farten, med Vestindisk-guineisk Kompagni i København, handelsfort på Gullkysten og koloniar med sukkerplantasjer i Karibia, Saint Croix, Saint Thomas og Saint John. I ettertida er særleg det danske slaveskipet «Fredensborg», som forliste ved Tromøy utanfor Arendal i 1768, blitt kjend.

Gullkysten (no hovudsakleg Ghana) i Vest-Afrika var sentrum for trekanthandelen i Vest-Afrika, men rike langs store delar av kysten deltok. Eit område lenger aust, i noverande Togo, Benin og vestre Nigeria, blei kjend som Slavekysten på grunn av den store menneskehandelen som fann stad her. Dahomeyriket i dette område og rike som Oyo og Ashanti voks seg store gjennom slavehandel. Ei rekkje afrikanske herskarar kunne selja folk frå andre folkegrupper som var blitt tekne gjennom krig eller kidnappingsraid, eller kriminelle.

Trekanthandel mellom Afrika, Karibia og New England.

Brasil og Karibia var dei største mottakarområda for slavar. I Karibia var først Jamaica, deretter Santo Domingo og til sist Cuba dei viktigaste hamnene i trekanthandelen. Dei nordamerikanske koloniane tok imot ein mindre del slavar direkte frå Afrika. I nokre høve overtok New England rolla til Europa som ein av delane i trekanten.

Varer[endre | endre wikiteksten]

Handelsskipa tok med seg varer som klede, glasperler, kopar, skytevåpen og ammunisjon frå Europa. Desse blei så selde eller bytta mot gull, elfenbein og fangar frå afrikanske herskarar og handelsmenn. Fangane blei rekna som varer, og ein stappa så mange ein kunne på skipa for å få mest mogleg profitt. Under overfarten til Amerika, som blei kalla mellompassasjen, døydde i gjennomsnitt rundt 12,5 % (eller mellom 10 og 20 %) av fangane.[1] Dei blei så selde som slavar i Karibia eller andre delar av Amerika, der dei hovudsakleg blei sette til tungt plantasjearbeid. Slaveskipa blei reingjorte og fylte med kolonivarer som bomull, sukker, rom, melasse, og tobakk til å selja i Europa. Dei kunne også frakta trevarer som mahogni.

Naturkrefter[endre | endre wikiteksten]

Trekantfarten var naturleg gunstig for seglskip ettersom ein segla med vinden og havstraumane heile vegen. Passatvinden førte skipa mot Afrika, ekvatorialstraumen vestover mot Amerika og vestavinden og Golfstraumen tilbake til Europa.

Det var likevel ikkje alle skip i dette handelssystemet som siglde i trekantfart. Mange spesialiserte seg på enkelte ruter, som slaveskip som berre dreiv med transatlantisk slavehandel, eller handelsskip som berre frakta varer mellom Europa og Amerika.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trekanthandel

Litteratur

  • Leif Svalesen: Slaveskipet Fredensborg og den dansk-norske slavehandel på 1700-tallet. Forord av Johan Kloster. 240s. J.W.Cappelens forlag 1996. ISBN: 8202154812 / 82-02-15481-2
  • Johan Kloster: Tekster til utstillingen «Med slaver, elfenben og gull», som vises på Aust-Agder kulturhistoriske senter.
  • Eliassen m.fl.: Tidslinjer 1, Aschehoug, 2007, s. 243.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Meltzer, Milton: Slavery: A World History (Da Capo Press, 1993) oppgjev 12,5 %, i følgje Atlantic slave trade ved Engelsk Wikipedia.
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.