Troas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Delar av murane i Troja.
Kart over Troas

Troas eller Troad er det historiske namnet på Bigahalvøya (tyrkisk Biga Yarımadası, gresk Τρωάς) nordvest i Anatolia i Tyrkia. Denne regionen er i dag ein del av provinsen Çanakkale i Tyrkia. Området grensar til Dardanellane i nordvest, Egearhavet i vest og er skild frå resten av Anatolia av massivet som dannar fjellet Ida. Troas har to hovudelver, Skamandros (dagens Karamenderes) og Simois, som går saman i det området der ruinane av Troja ligg. Grenikos, Kebren, Simoeis, Rhesos, Rhodios, Heptaporos og Aisepos var sju andre elver i Troas, og namna på elvegudane som oppheld seg i kvar si respektive elv.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Regionen som seinare vart kjent som Troas vart kalla Wilusa av hettittane. Denne identifikasjonen vart først fremma av Emil Forrer, men dei fleste forskarar var usamde i dette fram til 1983 då Houwink ten Cate viste at to fragment var frå den same opphavlege leirtavla med kileskrift og i analysen hans av det gjenoppretta breva frå oldtida viste at Wilusa var korrekt plassert i nordvestlege Anatolia. I høve til Trevor Bryce viste dei hettittiske tekstane til mange åtak frå ahhiyawanere, det vil si akajarar, mot Wilusa i løpet av 1200-talet f.Kr., noko som kan ha medført at kong Walmu vart styrta.[1]

Bryce har òg rapportert at dei arkeologiske undersøkinjane som vart gjort av John Bintliff på 1970-talet har vist at eit mektig kongedøme som herska over nordvestlege Anatolia var basert i Troja.

Kongane av Pergamum (i dag Bergama) avstod seinare området Troas til Den romerske republikken. Romarriket under keisardømet vart området Troas ein del av den romerske provinsen Asia. Under Austromarriket vart det inkludert i thema (bysantinsk provins) av dei egeeiske øyane. Etter at muslimane erobra Bysants vart Troas ein del av Biga sanjak.

I det nye testamentet[endre | endre wikiteksten]

Apostelen Paulus vitja Troas på reisa si i Vesleasia.[2] Han refererte òg til Troas då han bad medarbeidaren sni Timoteus om å dra frå Efesos: "Når du kjem, så ta med deg den kappa eg lét vera att i Troas hos Karpos, og bøkene, framfor alt pergamentrullane.."[3] Det var ei reise på rundt 500 km. Paulus vart fulgt av Lukas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]