Trygve Nagell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Trygve Nagell (fødd 13. juli 1895 i Kristiania, død 24. januar 1988 i Uppsala) var ein norsk matematikar.

Han tok doktorgrad ved Universitetet i Oslo i 1926, og var stipendiat og seinare dosent same stad til 1931. Han var så professor ved Uppsala Universitet frå 1931 til 1962. Nagell gav ut 132 matematiske avhandlingar. Den første kom alt i 1917 medan han enno studerte. Nagell arbeidde særleg innanfor talteori og særleg diofantiske likningar.

Han var formann i Undervisningsrådet for norsk skolevesen utanfor Noreg 1942–1945. Trygve Nagell vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1925, av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i 1952 og av Kungliga Vetenskapsakademien i Stockholm i 1943. Han vart æresdoktor ved Uppsala Universitet i 1956. Nagell fekk Haakon VIIs Frihetskors i 1947, vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1951 og av den svenske Nordstjärneorden i 1952.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]