Tsjolent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ordet tsjolent (frå austjiddisch טשאָלנט tshólnt) eller sjalet (frå vestjiddisch שאַלעט shalet) er namn på ei rad askenasisk-jødiske matretter som har til felles at dei gjerne blir koka på svært låg varme i mange timar. Grunnen til at dei finst er jødedommen sine føreskrifter om sabbaten, som ikkje tillèt jødar å tenne opp eld eller koke nye matretter frå solnedgang på fredagskvelden til sjabbáten er over etter solnedgang på laurdagskvelden.

Det finst mange ulike variantar av tsjolent — typiske ingrediensar er kjøt, poteter, byggryn, bønner, grønsaker og mjølbollar — og stundom òg tørka frukt.

Ordet «tsjolent» kjem truleg gjennom eldre fransk frå latin calientem ‘varm’, som er dokumentert med denne tydinga i den spanske forma caliente i seinmellomalderen. Ein mindre truleg, men ofte sitert teori er at ordet er ein kombinasjon av dei franske orda chaud ‘varm’ og lent ‘sein, langsam’.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]