Maritsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den bulgarske kommunen, sjå Maritsa i Plovdiv. For toppen i Antarktis, sjå Maritsa Peak.
Maritsa (Марица)
Évros (Έβρος), Meriç
elv
Kjelda til Maritsa i Rilafjella
Land  Bulgaria,  Tyrkia  Hellas
Nedslagsfelt 53 000 km²
Lengd 480 km
Kjelde Rilafjella i Bulgaria
Munning Egearhavet, 14,5 km aust for Alexandroupoli
 - koordinatar 40°43′50″N 26°2′26″E
Kart
Maritsa
42°9′53″ N 23°35′45″ E
Wikimedia Commons: Maritsa

Maritsa eller Évros (bulgarsk Марица, gresk Έβρος, romanisert som Hebrus, tyrkisk Meriç) er den lengste elva som berre renn innanfor Balkan med ei lengd på 480 km. Ho har sitt utspring i Rilafjella vest i Bulgaria, renn søraustover mellom Balkanfjella og Rodopifjella, forbi Plovdiv til Edirne i Tyrkia. Ein liten del av den nordlege breidda av elva ligg heilt inne i Tyrkia, og området vart gjeve til Tyrkia for at landsbyen Edirne skulle sleppe å ha Hellas på den andre sida av elva. Resten av elva dannar grensa mellom Tyrkia og Hellas. Nær Enez dannar elva eit delta og munnar ut i Egearhavet. Av sideelvar til Maritsa finn ein Tundzja og Arda. Den nedre delen av elva dannar grensa mellom Bulgaria og Hellas, og det meste av grensa mellom Hellas og Tyrkia. Elva er ikkje framkommeleg, men vert brukt til straumproduksjon og vatning.

Maritsa/Évros renn mellom anna gjennom Pazardzjik, Plovdiv, Dimitrovgrad og Svilengrad i Bulgaria, Edirne i Tyrkia og Kastaniés, Pýthio, Didymótikho og Lávara i Hellas.

Kraftig regn og snøsmelting førte både i 2005 og 2006 til alvorlege flaumar. Årsaka til dette var mellom anna at fleire av dika rundt elva braut saman, og vatnet strøymde 5-10 km bort frå sjølve elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]