Bulgarsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bulgarsk språk)
Gå til: navigering, søk
Bulgarsk
(български, bălgarski)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Slavisk
  Sørslavisk
   Vestleg
Talarar: Bulgarar
Bruk
Tala i: Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Flag of Moldova.svg Moldova
Flag of Turkey.svg Tyrkia
Flag of Greece.svg Hellas
Skriftsystem: Kyrillisk
Språkkodar
ISO 639-1: bg
ISO 639-2: bul
ISO 639-3: bul
Wikipedia på bulgarsk

Bulgarsk språk høyrer til den sørslaviske gruppa på den slaviske greina av dei indoeuropeiske språka. Det blir tala av om lag 9 millionar menneske, først og fremst i Bulgaria (ca 7,3 millionar), men òg i Hellas, Romania, Makedonia, Kviterussland og Tyrkia. Attåt bulgararane talar òg folkegruppa pomakane bulgarsk.

Det finst fleire dialektar. Det bulgarske skriftspråket er i stor grad tufta på dialektane i det sentrale Bulgaria rundt byen Veliko Turnovo.

Bulgarsk skriftspråk brukar det kyrilliske alfabetet, med somme landsspesifikke særtrekk. For småbokstavar blir ofte såkalla kursivformer bruka også i opprett skrift. Da desse delvis skil seg sterkt frå dei russiske standardformene som også finst i dei fleste leksika, oppstår det for folk utan særleg kjennskap til dei slaviske språka (turistar osv.) ofte problem når dei skal lese til dømes gateskilt.

Ordforrådet er i hovudsak slaviske arve-ord. Låneord kjem framfor alt frå gresk og tyrkisk språk. Bulgaria var lenge underlagt det tyrkiske Osmanske riket. Sidan 1800-talet har det vore fleire freistnader på å byte ut tyrkiske ord med slavismar, som oftast stammar frå russisk. Dette har gitt verknader mest på skriftspråket, det munnlege kvardagsspråket er som før rikt på tyrkiske element.

Bulgarsk grammatikk skil seg på fleire punkt frå andre slaviske språk. Berre i bulgarsk og makedonsk finst det artiklar. Det finst ikkje kasus (bortsett frå pronomena), i staden brukar ein preposisjonskonstruksjonar.

Det bulgarske alfabetet[endre | endre wikiteksten]

А а
/a/
Б б
/b/
В в
/v/
Г г
/g/
Д д
/d/
Е е
/ɛ/
Ж ж
/ʒ/
З з
/z/
И и
/i/
Й й
/j/
К к
/k/
Л л
/l/
М м
/m/
Н н
/n/
О о
/ɔ/
П п
/p/
Р р
/r/
С с
/s/
Т т
/t/
У у
/u/
Ф ф
/f/
Х х
/x/
Ц ц
/ʦ/
Ч ч
/tʃ/
Ш ш
/ʃ/
Щ щ
/ʃt/
Ъ ъ
/ɤ̞/, /ə/
Ь ь
/◌ʲ/
Ю ю
/ju/
Я я
/ja/
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.