Turboneger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Turboneger på Southside Festival i 2005

Turboneger, kjend som Turbonegro i utlandet, er eit myteomspunne norsk punkrock-band frå Follo. Sjølve kallar dei musikken sin death punk. Gruppa vart danna i 1988 av Rune Grønn, Pål Bøttger Kjærnes og Thomas Seltzer.

På det første albumet, Hot Cars and Spent Contraceptives, var Harald Fossberg vokalist. Han hadde tidlegare spelt i ei av dei tidlegaste punkgruppene i Oslo, Hærverk. Då Harald Fossberg grunna sjukdom gav seg som vokalist i Turboneger hanka dei inn ein kjenning av han som ny vokalist, Hans-Erik Dyvik Husby. Dei to kjente kvarandre mellom anna frå RadiOrakel i Blitzhuset. Etter vokalistskiftet endra gruppa namn til Stierkampf og gav ut ei 10-toms EP-plate kalla Grunge Whore, før dei tok attende namnet Turboneger.

Gruppa opererte lenge som eit undergrunnsband og fekk ganske mange tilhengjarar — såkalla «Turbojugend» med albuma Ass Cobra (1996) og Apocalypse Dudes (1998), men så vart gruppa brått oppløyst etter Hank von Helvete sitt heroinsamanbrot under Europa-turnéen i 1998.

I 2002 vart gruppa samla att og opptredde på Quartfestivalen det same året. I 2003 gjekk singelen Fuck The World frå albumet Scandinavian Leather til topp på hitlistene i Noreg. Denne plata vann Spellemannprisen 2003 i klassen rock.

Medlemer[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare medlemer[endre | endre wikiteksten]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album

Konsertalbum

Samlealbum

EP-ar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]