Tuvesildre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tuvesildre


Tuftedsaxifrage-1.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Saxifragales
Familie: Saxifragaceae
Slekt: Saxifraga
Art: S. cespitosa
Vitskapleg namn
Saxifraga cespitosa

Tuvesildre er ei plante i sildrefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta er kring 10 cm høg og kjertelhåra. Veks i tuver med kortskafta lysgrøne blad med tre eller fem framrette flikar. Fåblomstra stenglar. Kvite eller gulkvite kronblad, dobbelt så lange som begerblada. Blømer kring juli månad på berg og knausar til fjells. Finst i alle fjelltrakter i Noreg. Veks også ned i låglandet. Funnen opp til 2280 m på Galdhøpiggen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.