Tyra Banks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tyra Banks i 2011.

Tyra Lynne Banks (fødd 4. desember 1973 i Los Angeles) er ein amerikansk supermodell, fjernsynspersonlegdom og skodespelar, songar, forfattar og forretningskvinne. Ho blei fyrst lagt merke til som ettertrakta modell i Paris, Milano, New York, London og Tokyo, og er den fyrste afroamerikanske modellen avbilda på forsida av Gentlemen's Quarterly, Sports Illustrated Swimsuit Issue og Victoria's Secret.

Banks sitt store kommersielle gjennombrot var derimot gjennom fjernsyn. Ho er skaparen av realityprogrammet America's Next Top Model, med-skapar av True Beauty, medverkande i Stylista og vertinne i sitt eige talkshow, The Tyra Banks Show.

Som skodespelar har ho mellom anna vore med i fjernsynsfilmen Life-Size og kinofilmen Coyote Ugly.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]