Ubsunurgropa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ubsunurgropa
bekken
Land  Mongolia,  Russland
Del av Uvs Nuur Basin
Kart
Ubsunurgropa
50°20′17″ N 92°45′27″ E
Wikimedia Commons: Ubsunur Hollow State Biosphere Reserve

Ubsunurgropa (òg skrive Ubsu-Nur eller Uvs Nuur-bekkenet) er eit sårbart fjellbekken eller senking i grenseområdet mellom Mongolia og republikken Tyva i Russland. Ho er ein kombinasjon av landhevingar og senkingar mellom Tannu-Ola- og Altajfjella. Her møter dei nordlegaste ørkenområda i verda dei sørlegaste tundraområda på den nordlege halvkula. Det er kalla opp etter den store, grunne saltsjøen Uvs Nuur, som ligg midt i bekkenet. Fleire mindre innsjøar ligg spreidd rundt i bekkenet.[1]

Området dekkjer 70 000 km² og mesteparten ligg i Mongolia (provinsane Khövsgöl, Zavkhan og Uvs) og den nordlege delen i Russland (Tyva).

Ubsunurgropa dekkjer vestlege delar av Uvs Nuur-bekkenet
Isbrear i Altajfjella

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Ubsunurgropa ligg i eit område med ei rik kulturarv og det er gjort mange arkeologiske funn her, særleg i gravhaugane. Det er restar av busetnader frå mellomalderen og buddhisttempel. Det er så mange som 20 000 gravhaugar her, mange eldre enn dei pyramidane i Egypt.[2]

Ubsunurgropa vart nominert til verdsarvstad i 1995 som «ein av dei største intakte nedslagsfelta i Sentral-Asia med 40 000 arkeologiske stader frå historiske kjende nomadefolk som skytharar, tyrkarar og hunarar[3]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Den mongolske-mantsjuriske steppa

Gropa ligg i grenseområdet mellom Mongolia og Russland og dekkjer eit areal på 10 000 km².[4] Terrenget har store klimavariasjonar, som isbrear, alpin tundra, alpine enger og vidstrekte fjelltaigaområde. Ein finn òg skogkledde sletter, trelause stepper, halvtørre ørkenar og flyktige sanddyner. Det er eit vakkert og særs variert naturleg habitat.[5]

På grunn av plasseringa mellom dei sibirske og sentralasiatisk-mongolske terrenga, er dyre- og plantelivet mangfaldig for desse breiddegradene. Ein finn dyreartar som held til både i fjella og på tundraen, som sibirsk rådyr og kurdistanhøne. Den utryddingstrua snøleoparden held òg til her, i tillegg til taigadyr som kaspisk kronhjort, gaupe og jerv. Av steppedyr finn ein mongolsk lerke, jomfrutrane og langhala sibirsk ekorn. Av ørkendyr finn ein trappgås og ørkenrotte. Det er funne 359 forskjellige fugleartar i området. Sidan gropa er eit verna område finn mange utryddingstrua dyreartar fred her.[5]

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Yurtar

Folketettleiken i Ubsunurgropa er låg. Mangel på industri og det tradisjonelle levesettet til innbyggjarane som heldt til her har gjort at landskapet og økosystemet har fått vere i fred.[5] Både i den russiske [6] og den mongolske delen av gropa finn ein nomadiske gjetarfolk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Uvs Nuur Basin in Mongolia». nasa.gov. Henta 14. juli 2008. 
  2. «The Ubsunur Hollow». Greenpeace. Henta 14. juli 2008. 
  3. «Russland's First World Heritage Site». Henta 14. juli 2008. 
  4. «Uvs Nuur Basin, Russisk Federation (Tuva) & Mongolia». United Nations Environment Programme. Henta 14. juli 2008. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «The Ubsunur Hollow». Greenpeace. Henta 14. juli 2008. 
  6. «The Uvs Nuur Basin: Russisk-Mongolian cooperation for Conservation of the World Heritage]». unesco. Henta 14. juli 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]