Taiga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over taigalandskap i verda
Taigaskog i USA

Taiga (frå russisk тайга́) er eit av dei største hovudøkosystema eller bioma på jorda. Det vert òg kalla boreal barskog.

Taigalandskapet er kjenneteikna av skogar med eviggrøne nåletre. Det dreier seg om subarktiske og fuktige område, der plantesamfunna er dominert av til dømes lerk, edelgran, gran og furu. Desse treslaga er godt tilpassa eit kaldt klima. Somme stader fing ein tydelege innslag av bjørk og osp. Myrområde og tilknytte planteartar er òg vanleg.

Den gjennomsnittlege temperaturen for juli er i taigaområda høgare enn 10 °C, men vekstsesongen er kortare enn 100 dagar. Nedbør fell som regn, skodde, rim eller snø, og den er på mellom 400 og 850 mm pr. år. Jorda er prega av stort nedbørsoverskot, som gjer at kalk og andre mineral vert vaska ut. I tillegg dannar rotnande nåler syrer og andre stoff som hemmar spiring.

Taigaen er den ytste sona før tundraen. Taigalandskapet er typisk for store delar av Sibir, men òg for Canada og Alaska.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.