Altajfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Toppen av Belukha

Altajfjella (russisk Алтай, mongolsk Алтайн нуруу eller Altajn nuruu, tyrkisk Alytau eller Altay) er ei fjellkjede i Sentral-Asia der grensene mellom Russland, Kina, Mongolia og Kasakhstan møter kvarandre, og der dei to store elvane Irtysj, Ob og Jenisej har kjeldene sine. Altajfjella er kjend som tyrkarane sin fødestad. Fjellkjeda strekkjer seg frå sørvest til nordaust, der dei gradvis går over Gobiørkenen. I aust glir fjella over i Sajanfjella.

Namnet på tyrkisk er Alytau eller Altay, der Al tyder «gull» og tau tyder «fjell». Namnet på mongolsk er Алтайн нуруу eller Altajn nuruu, og på begge desse språka tyder namnet «Gullfjella» eller «Dei gylne fjella». Den altaiske språkfamilien har fått namnet sitt frå fjellkjeda.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Altajfjella

Nord for regionen ligg Sajljugemfjella og fjellkjeda strekkjer seg nordaustover mot dei vestlegaste delane av Sajanfjella. Middelhøgda er 1 500 til 1 750 meter over havet. Snøgrensa går om lag i 2 000 meter høgd på nordsida og i om lag 2 400 meter på sørsida. Over dette strekkjer nokre av toppane seg til opp mot over 4 000 meter. Det er berre få fjellovergangar over fjella og dei som finst er ofte vanskelege å ferdast på. Dei største er Ulan-daban i 2 827 m i sør og Chapchan-daban i 3 217 m i nord. I aust og søraust grenser fjella til det store platået i Mongolia og i overgangen mellom fjellet og platået finn ein fleire mindre platå, slik som Ukok 2 380 m med Pazyrykdalen, Tsjuja 1 830 m, Kendykty 2 500 m, Kak 2 520 m, Suok 2 590 m og Juvlu-kul 2 410 m.

Regionen har fleire store innsjøar, som t.d. Uvs Nuur 720 m over havet, Kirghiz-nor, Durga-nor og Khovd Nuur 1 170 m. Fleire mindre fjellkjeder går på tvers av hovudkjeda. Dei viktigaste av desse er Tannu-Ola-fjella, som om lag går parallelt med Sajanfjella så langt aust som til Kosso-gol, og Khan-khu-fjella, som strekkjer seg vest og aust.

Altajfjella (Belukha)

Nordvestsida og nordsida av Sajljugemfjella er særs bratte og vanskelege å få tilgang til. På denne sida ligg dei høgaste toppane i fjellkjeda, Belukha med dei to toppane på 4 506 og 4 440 meter over havet. Her ligg det òg fleire isbrear. Dei nest høgaste toppane ligg i den mongolske delen av fjella og heiter Khujtnij orgil. Dette massivet har ei høgd på 4 374 meter over havet. Fleire mindre rekkjer strekkjer seg i alle retningar ut frå Sajljugemfjella og fyller rommet mellom fjellkjeda og låglandet Tomsk. Av desse finn ein Tsjuja-Alpane med ei middelhøgd på 2 700 meter over havet og med toppar på opp til 3 700 moh. Her finn ein ?g minst ti isbrear på nordsida. Katun-Alpane har ei middelhøgd på om lag 3 000 meter over havet og er stort sett snøkledd. Kholzunkjeda, Korgon, Talitskand Selitsk og Tigeretsk -Alpane er andre mindre fjellkjeder i Altaj.

Fleire mindre platå ligg mellom fjelltoppane. Katundalen byrjar som eit ei vill kløft sørvest for Belukha og så etter ein stor sving renn den 600 km lange elva gjennom Katun-Alpane og så ut i ein vidare dal som han følgjer fram til han på det altaiske høglandet renn i saman med elva Bija. Katun og Bija dannar i saman elva Ob.

Den neste dalen høyrer til Tsjarysj, som har Korgon-Alpane og Tigeretsk-Alpane på eine sida, og Talitsk-Alpane og Basjalatsk-Alpane på den andre sida. Begge desse dalane er svært frodige.

Lenger vest ligg dalane til elvane Uba, Ulba og Bukhtarma opnar opp sørvestover mot Irtysj. Den lågare delen av både Uba ot Tsjarysj er tett busett. I Ulbadalen ligg Ridderskgruva ved foten av Ivanovsktoppen (2 060 m) som er kledd med alpine enger. Bukhtarmadalen, som har ei lengd på 320 km, har og kjelde si ved foten av Belukha og Kuitun, og fell om lag 1 500 høgdemeter over 300 km frå eit alpint platå 1 900 meter over havet til Bukhtarmafestningen som ligg 345 meter over havet. I dei øvre områda av elva er ho omgjeve av isbrear, og den mest kjende av desse er Berel, som strekkjer seg ned frå Bjelukha. På nordsida av fjellkjeda mellom Bukhtarma og Katun ligg Katunbreen, som er kjelda til elva Katun.

Kutsjerladalen i Altajfjella

Dei midtre og lågare delane av Bukhtarmadalen har vore busett sidan 1700-talet av russiske bønder, liveigne og religiøse skismatikarar (raskolnikar), som oppretta ein fri republikk her på kinesisk område. Etter dette vart dalen annektert til Russland i 1869, og vart raskt vidare kolonisert. Den høgare delen av dalen lenger nord er stort sett folketom og berre kirgisisk gjetarar.

Dalane til elvane Basjkaus, Tsjulysjman og Tsjultsja før alle til fjellsjøen Teletskoje (520 moh, 230,8 km²) og er busett av telengitfolket. Breidda av innsjøen stig nesten rett opp til 1 800 meter over havet. Frå her renn elva Bija vidare og munnar ut i Katun ved Bijsk, som så svingar seg over steppene nordvest for Altaj.

Lenger nord er det altaiske høglandet knytt til distriktet Kuznetsk, som har eit litt anna geologisk aspekt, men som likevel høyrer til Altajsystemet. Elva Abakan, som har utspringet sitt på vestsida av Sajanfjella, høyrer derimot til Yeniseisystemet. Kuznetsk Alatau-kjeda, på vestsida av Abakan, går nordaustover og inn i Yeniseisk, medan fleire fjell (Tsjuktsjut, Salair, Abakan) ligg nordover mot den transsibirske jarnvegen og vestover mot Ob.

Altajfjella (Kutjerlasjøen)

Ek-tagh eller Mongolsk Altaj, som ligg mellom Khovd-bekkenet i nord og Irtysj-bekkenet i sør er eit verkeleg grensefjell. Ho er bratt og høg og stig opp frå Dzungaria (470-900 m), men på nordsida fell ho berre ned til eit høgt platå (1 150 til 1 680 m) nordvest i Mongolia. Aust for 94° A held fjellkjeda fram som doble fjellrekkjer og alle desse har ikkje like markante orografiske trekk og er mykje lågare. Desse områda av fjella er stort sett busette av nomadiske kirgistanarar.

Verdsarvstad[endre | endre wikiteksten]

Eit stort område på 16 178 km² som omfattar Naturreservata Altaj og Katun, Teletskojesjøen, fjellet Belukha og Ukokplatået, er ein verdsarvstad som har fått namnet Dei gylne fjella i Altaj. Som UNESCO skriv på sida si inneheld området «alle vegetasjonssoner ein finn i det sentrale Sibir, frå steppe, skogssteppe, blandingsskog, subalpin vegetasjon til alpin vegetasjon». UNESCO la òg vekt på at Altaj er eit viktig område for å bevare globalt utryddingstrua pattedyr som snøleopard og Altaj-argali.[1]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Kutsjerlasjøen i Altajfjella

Det sibirske Altaj representerer den nordelegaste delen som er påverka av den tektonske kollisjonen til India mot Asia. Massive forkastingar går gjennom området, inkludert Kurai-forkastingen og den nyleg oppdaga Tasjanta-forkastingen. Desse forkastingane er typisk skyveforkastingar eller horisontalforkastingar og nokre av desse er tektonsk aktive. Av bergartar i fjella finn ein mest granitt og omdanna skifer.

Seismisk aktivitet[endre | endre wikiteksten]

27. september 2003 råka eit massivt jordskjelv Tsjujabekkenet. Det målte 7,3 MW. Seismisk aktivitet er forholdsvis sjeldant i regionen og dette jordskjelvet og etterskjelva skapte store øydeleggingar i regionen. Det vart gjort skadar for rundt 60-70 millionar kroner og landsbyen Beltir vart jamna med jorda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Altajfjella

Koordinatar: 45°0′N 99°0′E