Ekorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ekorn

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Ekorn Foto: Svein Jan Hjelmeset
Ekorn
Foto: Svein Jan Hjelmeset

Systematikk
Rike: Mammalia
Orden: Rodentia
Familie: Sciuridae
Slekt: Sciurus
Vitskapleg namn
Sciurus vulgaris
Ekorn, ikorn
Namn på andre språk
Norrønt Íkorní
Svensk Ekorre, europeisk ekorre, röd ekorre
Dansk Egern, almindeligt egern
Engelsk Red squirrel, Eurasian red squirrel
Tysk Eichhörnchen
Fransk Écureuil roux, écureuil d'Eurasie
Spansk Ardilla roja
Russisk Belka (Белка), obyknovennaja belka (обыкновенная белка), veksja (векша)

Raudt ekorn, eller berre ekorn eller ikorn, er ein gnagar i ekornfamilien, og er eit trelevande dyr med stor hårete hale. Det lever på nøtter, røter, frø og knoppar, men kan òg ta egg og fugleungar i hekkesesongen. Mellom dei naturlege fiendane til ekornet kan me nemna måren.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ekornet kan variere i vekt frå 200 til 400 gram. Totallengda er 39–43 cm. Halen er 17–19 cm lang og buskete. Framføtene på ekornet er om lag 3,5 cm lange og om lag 1–1,5 cm breie, bakføtene er om lag 5,5 cm lange og om lag 2–2,5 cm breie.

Ekorn kan bli 10 til 15 år gamle. Dei er utbreidd i alle skogstrøk i landet.

Vinterpels[endre | endre wikiteksten]

Vinterpelsen er meir gråaktig. Denne har vore nytta som pelsverk under namnet «gråverk». Pelsskiftet om våren tek til i april, først på buken, så over sidene og opp på ryggen. I mai er sommarpelsen ferdig, men hårduskane på øyra og pelsen på halsen blir ikkje skift før i juni.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Etter paringa ber ekornet foster i fire–fem veker. Vanleg fødetid er februar–mai. Av og til kan ekornet få to kull. Det andre kullet kjem oftast i juli–august. Ekornet får tre–sju ungar i kullet. Ungane er utan hår, og auga opna seg ikkje før det er gått ti døgn.

Ungane syg mora i 27–32 døgn. Blir mora forstyrra når ho har ungar i reiret, flytter ho dei med ein gong til eit av reservereira.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Ekornet trivst best i granskog og er eit typisk dagdyr. Her finn det nøtter, frø og røter som er den vanlegaste maten. Om sommaren kan ekornet ta både fugleegg og ungar. Sjølv kan det lett bli eit bytte for måren.

Om vinteren ligg det ofte i ro døgnet rundt, men om våren vaknar det til liv og hoppar frå tre til tre på jakt etter mat.

Ekorn i Finnland.

Artsstatus[endre | endre wikiteksten]

Det raude ekornet er verna i store delar av Europa, og var klassifisert som Near Threatened, nesten truga, på den internasjonale raudlista, i 2002, men vert per 2010 ikkje lenger rekna som truga i global målestokk. Nokre stader finst det store bestandar som ein kan driva jakt på for skinnet. Andre stader er dyret i sterk tilbakegang. Dette gjeld særleg Storbritannia, der det raude ekornet forsvinn til fordel for det innførte gråekornet frå Nord-Amerika. Gråekornet utkonkurrerer det raude ekornet av ulike grunnar, mellom anna ved at det er betre tilpassa naturmiljøet i England og ved at det ber eit parapoxvirus som ikkje skadar det, men som drep raude ekorn.

Det er i dag under 200 000 individ av raudekorn igjen i Storbritannia, og opptil 3/4 av desse held til i Skottland, der barskogen gjev dei betre livsgrunnlag. Ein fryktar at det same kan skje i fastlandseuropa om gråekorna spreier seg dit. To par gråekorn som rømde i italienske Piemonte i 1948 har allereie ført til nedgang av raude ekorn i dette området.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]