Uddevalla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Uddevallas byvåpen
Uddevalla
Uddevalla turistkontor ved Bäveån

Koordinatar: 58°21′N 11°55′E Uddevalla er ein by i Sverige og administrasjonssenter (centralort) i Uddevalla kommun i Västra Götalands län. I 2005 hadde byen 30 513 innbyggjarar. Han er den største byen som ligg heilt innanfor landskapet Bohuslän, som før 1658 for det meste var ein del av Noreg.

Uddevalla oppstod som handelsplass i mellomalderen og fekk bystatus i 1498. Lenge var økonomien basert på eksporthandel og sterkt konjunkturutsatt. Industrialiseringa på 1800-talet gav byen eit meir variert næringsliv. Fram til Roskilde-freden i 1658 tilhøyrte byen, som resten av Bohuslän, Noreg. Den heitte då (med forskjellige skrivemåter) Oddevoll. Namnet Oddevold lever att i fotballklubben IK Oddevold.

Den norske vennskapsbyen til Uddevalla er Skien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Uddevalla