Ulrichshorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°31′55.4″N 7°58′02.3″E
Ulrichshorn
fjell
none  Mischabel med Ulrichshorn til høgre
Mischabel med Ulrichshorn til høgre
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Wallis-Alpane
høgd 3 925 moh
skardhøgd 75 m ↓  mot Dom
koordinatar 46°31′55.4″N 7°58′02.3″E
Førstestiging av Melchior Ulrich
 - dato 1848
Plasseringa i Sveits
Locator Red.svg
Plasseringa i Sveits

Ulrichhorn er eit 3 925 meter høgt fjell i Mischabelmassivet i Wallis-Alpane, vest for Saastal. Fjelltoppen ligg litt i sørvest for fjellskaret Windjoch (3 850 m). Toppen er såleis eit framhald av fjellryggen av nordaustegga (Nadelgrat) på Nadelhorn (4 327 m). Toppen er kjent for utsikta, i særleg grad for utsynet mot nordaustveggen av Lenzspitze (4 294 m) og Nadelgrat.

Fjelltoppen er oppkalla etter Melchior Ulrich, ein sveitsisk fjellklivar og teolog frå Zürich. Han leia turfylgjet som i 1848 nådde toppen, som dei aller fyrste.

Ulrichshorn sett frå nordaustryggen på Nadelhorn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]