Uluru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Uluru frå lufta.

Uluru eller Ayers Rock er ein fjellformasjon som ligg i Nordterritoriet i sentrale Australia, i Uluru-Kata Tjuta nasjonalpark. Fjellet er heilag for fleire anangufolk (aboriginarar), og har mykje bergkunst. Det har også blitt eit nasjonalt symbol for Australia, og er rekna som verdsarv av UNESCO.

Uluru-fjellet er ein inselberg-monolitt av arkose-sandstein. Det er 335 meter høgt og forma som ein oval med ei lengd på 3,6 km og vidde på 2 km. Det har som regel ein raudleg let, men ser ut til å skifta farge ut frå tida på dagen, vêr og årstid. Ved solnedgang blir fjellet djupraudt ein augneblink, medan i sjeldan regnvêr blir det sjåande sølvgrått ut.

Bergkunst på Uluru.
Skydekt Uluru.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Uluru» kjem frå pitjantjatjara, og har inga anna tyding på dette språket. I 1873 gav landmålaren William Gosse det namnet «Ayers Rock» etter den dåverande kolonisekretæren for Sør-Australia, Sir Henry Ayers. Dette blei det vanlegaste namnet på engelsk, men i 1993 vedtok ein å kalla fjellet «Ayers Rock/Uluru». I 2002 blei det offisielle namnet snudd til «Uluru/Ayers Rock» etter førespurnad frå turistnæringa i Alice Springs.[1]

Fjellet har sidan 1985 høyrd til aboriginarane, men er leigd ut til dei australske styresmaktene i ein 99-årskontrakt. Det er tabu for lokale aborignarar å gå opp på fjellet, men mange turistar klatrer likevel opp på det.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Uluru

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Uluru/Ayers Rock», Encyclopædia Britannica, 2011.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Uluru nær solnedgang.
Uluru nær solnedgang.

Koordinatar: 25°20′43″S 131°02′04″E