Umbrailpasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Umbrailpasset, med den italienske sida til venstre og den sveitsiske til høgre

Umbrailpasset er ein fjellovergang gjennom Ortleralpane i Sveits og Italia. Fjellvegen knyter saman dalane Val Müstair i kantonen Graubünden med Valtellina i regionen Lombardia i Italia Italia. Med sine 2 501meter over havet er fjellovergangen den høgstliggjande i Sveits.

På nordsida er nesten heile vegstrekninga grusveg. På sørsida går vegen allereie etter 200 meter saman med sørvestoppstigninga til Stelviopasset.

Vegen over Umbrailpasset er vinterstengd frå november til mai.

Soge[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen vart fjellovergangen nytta til å frakte korn og vin nordover, medan salt frå saltgruvene i 'Hall in Tirol' vart frakta sørover. Køyrevegen var ferdigbygd i 1901.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Umbrailpasset