Valtellina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valtellina
Kyrkja Tresivio

Valtellina eller Valtelline (tysk Veltlin, retroromansk Vuclina) er ein dal i Lombardia nord i Italia ved grensa til Sveits. I dag er området kjend for skisport, varmekjeldene og osten (særleg Bitto) og vinen som vert produsert her. I mange hundreår var han ein av dei viktigaste passasjane gjennom Alpane til Tyskland og det har vore mange harde kampar for å få kontroll over dalen, særleg under trettiårskrigen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste kommunen i dalen er Sondrio og av andre finn ein Aprica, Morbegno, Tirano og Bormio. Livigno, som ligg på nordsida av vasskiljet i Alpane, vert stundom òg rekna som ein del av Valtellina sidan det er ein del av provinsen Sondrio.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1500- til 1700-talet var Valtellina ein del av Graubünden, som då var eit sjølvstendig land, men som i dag er den austlegaste kantonen i Sveits. Graubünden er eit område der det vert tala tysk, retroromansk og italiensk og på 1500-talet vart området derfor kalla både Veltlin, Westtirol og Welsche Vogteien.

Under napoelonskrigane oppretta franskmennene i 1797 republikken Cisalpine i Nord-Italia. 10. oktober 1797 støtta franskmennene eit opprør i Valtellina mot Graubünden, som vart ein del av Cisalpine.

I regionen nord for Morbegno i Costiera dei Cech lever i dag ei kulturell gruppe som ein meiner er etterkomarane etter frankarar som invaderte Italia på 700-talet.

Området var opphavleg ei blanding retroromans- og italiensktalande innbyggjarar, men i dag er italiensk det dominerande språket.

Vinar[endre | endre wikiteksten]

I Valtellina vert vinane hovudsakleg produsert av Chiavennasca (det lokale namnet på druesorten Nebbiolo). Kvaliteten på vin er generelt høg og dei fleste vinane har nemninga DOC og DOCG. Dei mest kjende raudvinane er Inferno, Grumello, Sassella og Sforzato (Sfurzat).

Valposchiavo[endre | endre wikiteksten]

I den lågare delen av Valposchiavo, i Sveits, vert det òg produsert noko vin, som liknar den italienske vinen, men med andre nemningar og sukkerinnhald.

Panorama av Valtellina frå Alpe Piazzola i kommunen Castello dell'Acqua.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]