Uzeir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uzeir
عزير
landsby
Namneopphav: El Azeir, Ezra[1]
Land  Israel
Region Nedre Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune al-Batuf
Koordinatar 32°47′32″N 35°19′51″E / 32.79222°N 35.33083°E / 32.79222; 35.33083
Folketal 2 600  (2006)
Kart
Uzeir
32°47′32″N 35°19′51″E / 32.792222222222°N 35.330833333333°E / 32.792222222222; 35.330833333333
Wikimedia Commons: Ozeir

Uzeir (arabisk عزير, hebraisk עֻזֵיר) er ein arabisk landsby nord i Israel. Han ligg nær Nof HaGalil i Nedre Galilea og høyrer til al-Batuf regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 2 600.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort funn frå romersk, bysantinsk og tidleg islamsk tid i landsbyen.[3]

Seint i osmansk tid, i 1875, vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen og skildra han som ein stad med 20 hus i ei åsside. Nokre få gamle søyler stod att frå antikken. Ein muslimsk maquam med to små kuplar, tileigna «Neby A'ouzeir» låg i nærleiken.[4] I «Survey of Western Palestina» i 1881 vart landsbyen (kalla El Azeir) skildra som:

Ein steinlandsby ved foten av åsen. Sletta i nord er oppdyrka med bomull, kornsorten bygg, etc. Det bur kring 150 muslimar i landsbyen. Vassforsyninga er cisterner i landsbyen og ein tank.[5]

I folketeljinga i 1922 utført av britiske styresmakter hadde 'Uzair eit folketal på 70, alle muslimar,[6] medan Uzeir i folketeljinga i 1931 hadde 15 busette hus og eit folketal på 88, alle muslimar.[7] I 1945 var folketalet 150 medan det totale landområdet var 766 dekar, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 737 dekar nytta for korn,[9] medan 7 dekar var klassifisert som utbygde område.[10]

I 1948 vart Uzeir erobra av det israelske forsvaret under den andre delen av Operasjon Dekel, 15-18. juli. Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 124
  2. Population of localities numbering above 1 000 residents Statistisk sentralbyrå
  3. Cinamon, 2012, ‘Uzeir, West
  4. Guérin, 1880, s. 364 ff
  5. Conder og Kitchener, 1881, vol. 1, s. 362
  6. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table XI. 
  7. 1931 Det britiske mandatet Census. s. 76.
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 63[daud lenkje]
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 110[daud lenkje]
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 160[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]