Vêrmelding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grafiske symbol som kan nyttast i ei vêrmelding

Ei vêrmelding er ei formidling av eit vêrvarsel til ålmenta via media som fjernsyn, radio, aviser og Internett.

Vêrmeldingar består oftast av ferske observasjonar, stundom med ei kort skildring av vêrsituasjonen og utviklinga vidare, samt varsel for visse område og tidsintervall. Meldingar rekna for skipsfarten legg vekt på vind, sjø og sikt over større havområde. Luftfarten legg størt vekt på å få hyppige og nøyaktige observasjonar frå flyplassane og på kortsiktige varsel som gjev vind, sikt og skytilhøve.

I Noreg leverer Meteorologisk institutt fjernsynsmeldingar for NRK og TVNorge, medan selskapet StormGeo leverer varsel til TV 2. Det vert vêrkart der frontar, vindpiler og nedbørområde er teikna inn på ein datamaskin og teke frå der og direkte inn på fjernsyn. Vêrkarta ligg stundom nært opp til dei som meteorologane nyttar. Ved å sende desse som stillbilete i ein sekvens, viser ein både forflytting og endring av vêrsystema for varslingsperioden. Det vert ofte vist satellittbilete som hentar informasjon ved fleire bølgjelengder enn i det synlege lyset, til dømes i det infraraude området. Bileta er handsama etter mottakinga for å illustrere til dømes snø, is og skytilhøve.

Det vert òg nytta grafiske informasjonssystem der vêrparametrane er ein funksjon av tida for mange geografiske posisjonar. Dette gjer det mogeleg å vise vêrutviklinga i form av ein tilsynelatande trinnlaus utvikling (animasjon). Område med nedbør og isobarar vert vist som ein fortløpande prosess, medan aktuelt vêr på faste tidspunkt vert henta ut på eit detaljkart. Detaljkarta viser vêrparametrar i utvalte punkt, som gjerne svarar til vêrstasjonane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]