Ellsworth-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Estación Científica Ellsworth
stasjon
Land  Antarktis
Stad Queen Elizabeth Land
 - koordinatar 77°39′S 41°02′W
Høgd 40 m
Folketal 26 (året rundt)
Grunnlagd 1957
 - Nedlagd 1962
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Ellsworth-stasjonen
77°39′0″ S 41°1′60″ W
Ellsworth-stasjonen is located in Antarktis
Ellsworth-stasjonen (Antarktis)

Ellsworth-basen (spansk Estación Científica Ellsworth) var ein base i Antarktis oppretta av USA i 1957 under Det internasjonale geofysiske året. Basen vart raskt gjeven vidare til Argentina og forlaten og dekt av is i 1962.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Han var kalla opp etter den amerikanske oppdagaren Lincoln Ellsworth og vart plassert på vestkysten av WeddellhavetFilchner-Ronne-isen. Basen skulle opphavleg plasserast på Cape Adams, men då terrenget viste seg å vere upraktisk på grunn av store isklipper, valde ein ei ny plassering i Gould Bay.[1]

Stasjonen vart bygt av marinepersonnell kommandert av kaptein Finn Rønne,[2] med støtte frå isbrytarane USS «Staten Island» og USS «Wyandot».[1] Basen vart utrusta den 11. februar 1957 og gjeve over til argentinske Instituto Antártico Argentino den 17. januar 1959. Dei amerikanske styresmaktene gav då bygnignar, fasilitetar og det som var att av matforsyninganem medan Argentina forplikta seg til å gjere det som var naudsynt for å drive basen vidare. Forskarar frå begge land kunne arbeide saman på basen.

I løpet av tida basen var i drift vart det gjort mange eksperiment og observasjonar innan meteorologi, stråling, målingar av karbondioksid frå lufta, ionosfæriske observasjonar av kosmisk stråling, og studiar av Filchnerisen.

Den 6. januar 1962 flydde kaptein Hermes Quijada frå den argentinske marinen frå denne basen til Sørpolen. Den 30. desember 1962 vart basen nedlagd og etter kvart tok isen over og han forsvann.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêrdata for Ellsworth
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C −6 −13 −19 −23 −24 −28 −29 −29 −27 −19 −12 −6 −19,6
Gjennomsnittleg min °C −11 −19 −27 −32 −32 −36 −37 −37 −34 −26 −18 −11 −26,7
Gjennomsnittleg nedbør mm 8 5 8 15 5 5 5 5 8 10 13 5 92
Kjelde: Weatherbase [3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dictionary of amerikanske Naval Fighting Ships p 610
  2. Griffiths, Tom. Slicing the silence: voyaging to Antarktis. Sydney, Australia: UNSW Press. 2007. p 210
  3. «Weatherbase: Historical Weather for Ellsworth i Antarktis». Weatherbase. 2011.  Henta November 24, 2011,

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]