Vaduz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vaduz
Schloss Vaduz
Schloss Vaduz
Flagget til Vaduz Byvåpenet til Vaduz
Flagget til Vaduz Byvåpenet til Vaduz
Styresmakter
Land
Liechtenstein
Geografi
Flatevidd
 - By

17,3 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

5 143
  288/km²
Koordinatar 47°08′″N 9°31′″EKoordinatar: 47°08′″N 9°31′″E
Høgd over havet 445 m
Diverse anna
Postnummer 9490
Telefon-retningsnummer 7001
Heimeside: www.vaduz.li
Plassering
Vaduz og eksklavane i Liechtenstein
Vaduz og eksklavane i Liechtenstein

Vaduz er hovudstad i fyrstedømet Liechtenstein og sete for nasjonalparlamentet. Byen, som ligg ved Rhinen, har 5 248 (2006) som hovudsakleg er romersk-katolske. Domkyrkja er sete for ein romersk-katolsk erkebiskop.

Sjølv Vaduz er den mest kjende staden i Liechtenstein er han ikkje den største landsbyen i fyrstedømet. Nabokommunen Schaan har litt fleire innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vaduz skal visstnok ha vorte nemnd i historiske kjelder på 1100-talet som Farduzes. Han vert derimot rekna for å ha vorte grunnlagd på 1200-talet av grevane av Werdenberg. I 1322 vert det nemnd at det vart bygd ei borg, som vart plyndra av sveitsarane i 1499.

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Det mest kjende landemerke i Vaduz er Schloss Vaduz, residensen til fyrsten av Liechtenstein og fyrstefamilien. Slottet er synleg frå nesten alle stader i Vaduz og ligg på toppen av ein bratt ås i midten av byen.

Museum[endre | endre wikiteksten]

Det nasjonale kunstgalleriet og nasjonalmuseumet ligg i Vaduz. Kunstgalleriet (Kunstmuseum Liechtenstein) inneheld moderne kunst og samtidskunst. Bygget er eit arkitektonisk landemerke bygd av dei sveitsiske arkitektane Morger, Degelo og Kerez. Det stod ferdig i 2000 og dannar ein «svart boks» med farga betong og svart basaltstein. Museumssamlinga er òg den nasjonale kunstsamlinga til Liechtenstein.

Liechtenstein nasjonalmuseum viser ei permanent utstilling av kultur- og naturhistoria til Liechtenstein i tillegg til nokre spesielle utstillingar. Ein finn òg eit frimerkemuseum og eit skimuseum i byen.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Vaduz har ein livleg turistindustri trass i at han er ein av særs få hovudstader i verda utan flyplass eller jernbanestasjon. Den næraste jernbanestasjonen ligg i Sargans i Sveits, om lag 7 km frå Vaduz. Vaduz har derimot eit effektivt bussnettverk som ofte har avgangar til Sargans og Buchs (i Sveits). Mobile turistkontor finn ein i sentrale område gjennom turistsesongen. Byen har ein livleg marknad som sel handlaga suvenirar.

Sport[endre | endre wikiteksten]

FC Vaduz er det lokale fotballaget i Liechtenstein, og både dette og andre lag i landet spelar i den sveitsiske ligaen.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vaduz

Kjelder[endre | endre wikiteksten]