Vaishnavi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vaisjnavi som ei matrikagudinne, den kvinnelege krafta til Visjnu, i kamp mot demonar.

Vaishnavi eller Vaisjnavi er eit ord frå sanskrit som tyder ei som er av Visjnu. Den mannlege forma er vaisjnava. Det er brukt om fleire gudinner innan hinduismen, særleg Lakshmi, som er kona til Vishnu, men òg om modergudinnene Durga og Kali. Ordet blir òg brukt om kvinner som dyrkar hinduguden Vishnu.

Tempelet Vaishno Devi i Jammu er eit populært pilegrimsmål vigd Vaisjnavi. Det blir vitja av fleire millionar menneske kvart år.[1]

Som namn[endre | endre wikiteksten]

Vaishnavi er brukt som jentenamn (også med andre skrivemåtar, som Vyshnavi), og som etternamn.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. SiliconIndia News: [http://www.siliconindia.com/shownews/33424 «More pilgrim rush to Vaishno Devi this year» (2006)