Sarasvati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statue av Sarasvati.
Foto: Christina Kundu
Statue av gudinna som skal berast rundt i gatene i Kolkata
Foto: Christina Kundu

Sarasvati er gudinna for lærdom og kunst i alle slags former. Ho er ei svært viktig gudinne for hinduar, og får meir merksemd enn mannen sin, Brahma.

Ei hinduisk soge fortel at då Brahma hadde skapt verda, blei han så oppteken av henne at han gløymde alt anna. Det var Sarasvati som lærte han å bli meister over sansane sine og sjå forbi det materielle. Ved hjelp av ungane sine, dei fire vedaene, fekk ho spora han over på eit meir andeleg spor. Frå den tida av syng Brahma dei fire vedaene med kvart av dei fire hovuda sine.

Vedaene var òg ei gåve til menneska, og Sarasvati skal ha gjeve menneska skrivekunsten slik at dei kunne skriva ned desse songane. Med dei indiske alfabeta kan ein òg skriva musikk, som Sarasvati òg er gudinne for.

Form[endre | endre wikiteksten]

Sarasvati kan ha form som ei elv, som blir nemnd i hinduiske tekstar som like stor og viktig som Ganga. Denne elva finst ikkje i dag, men har sannsynlegvis eksistert tidlegare. I dag finst det to mindre elvar som blir kalla Sarasvati, ei i Gujarat og ei i nordaustre India.

Som regel blir likevel gudinna framstilt som ei kvinne, kledd i ein kvit sari og med lys eller kvit hud. Ho sit gjerne på ei svane, ein påfugl, eller ein lotusblom. Ho speler som regel på ein vina, men andre ting ho òg kan halda er ei bok som symbol for lærdom, ei fløyte som symbol for kunst, og ein perlekrans som viser til Sjiva.

Alter for Sarasvati gjort klar til ein podja.
Foto: Christina Kundu

Sarasvatidagen[endre | endre wikiteksten]

Det er særleg dei som driv med læring som tilber Sarasvati. Ein rektor kan til dømes ha ein statue av henne på kontoret sitt, men ho kan òg bli symbolisert med ei enkel bok, ein penn eller eit blekkhus.

På gudinna sin høgtidsdag, sarasvati podja, leiar lærarar elevane sine i ei bøn til gudinna, medan studentar legg til sides ei bok den dagen som ho kan signa. Men dagen blir også markert av arbeidarar, ettersom hinduismen lærer at ein kan oppnå visdom også gjennom arbeid. Desse ber gudinna signa eitt av verktøya sine, anten det er ein plog eller ein datamaskin.

Sarasvati podja blir feira til ulik tid alt etter kvar ein er. I Nord-India feirar ein dagen på vasanta pantsjami, på den femte vårdagen i månaden magha. Sør i landet feirar ein henne derimot om hausten, på den niande dagen i navaratrifestivalen.

Sarasvati som nemning[endre | endre wikiteksten]

Menn som har oppnåd mykje visdom kan få ærestittelen sarasvati. Dette gjeld mellom anna dei fem overhovuda for advaitahinduismen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sarasvati